Asbjørn Hansen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Asbjørn Hansen (29. mai 1930–25. mars 2017)[1]var ein norsk landslagsmålvakt i fotball og cupmeister med IL Sparta i 1952. I tida 1952-61 spelte han 52 landskampar for Noreg.
Remove ads
Aktiv
Hansen debuterte på det norske landslaget i ein bortekamp mot Jugoslavia i Zagreb 25. juni 1952, tre veker før dei to landa begge reiste til Sommar-OL i Helsinki. Hansen var med i OL-troppa, men det var veteranen Tom Blohm som fekk vakte målet då Noreg tapte 1-4 mot Sverige og vart utslått i 1. runde. Etter olympiaden var han jamnaste fyrstevalet som Noregs målvakt i ti sesongar framover, bortsett frå 1958-sesongen.
Hausten 1952 var Hansen ei viktig brikke då IL Sparta opplevde å gå heilt til NM-finalen, der laget vann 3-2 over eit anna overraskingslag, Solberg IF frå Buskerud. Han spelte på Sparta til laget i 1958 enda sist i Hovudserien. Sidan stod han i mål hos byrivalen Sarpsborg Fotballklubb til han la opp.
«I sine største kamper leverte Asbjørn Hansen keeperspill av høyeste europeiske klasse». Han «grep resolutt og befriende inn i prekære situasjoner, arbeidet glimrende i feltet og ga klar beslkjed når han dirigerte sine forsvarsspillere», skriv Magnus Breili i Fotballboken.
Merittar
- Noregsmeister: 1952 med IL Sparta
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads