Asgeir Borgemoen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Asgeir Borgemoen (fødd 26. juli 1971 på Fåvang) er ein norsk programleiar, skodespelar og artist. Han er mest kjend som Asgeir - Sjefen over alle sjefar frå Barne-TV-serien Fritt Fram som gjekk på NRK i perioden 1999–2001. Frå serien vart det gjeve ut to musikkalbum med Asgeir som vokalist og hovudartist og Jørund Fluge Samuelsen frå Trang fødsel som musikalsk medhjelpar. Det fyrste albumet, Fritt Fram, vann Spellemannprisen 2000 i klassa barneplate.[1]
Borgemoen var òg programleiar for den norske utgåva av Extreme Makeover: Home Edition som gjekk på TV3 i 2005. Hausten/vinteren 2011 byrja han som programleiar for bilprogrammet Garasjen på Viasat 4. I dei påfølgjande åra blei det laga fleire nye sesongar av Garasjen.[2]
Remove ads
Som skodespelar er Borgemoen mest kjend for å ha gjeve stemme til hovudpersonen i dei norske utgåvene av Shrek-filmane. Han har også gitt norsk stemme til «Rive-Rolf» i den amerikanske dataanimasjonsfilmen Rive-Rolf, som gikk på kino i 2013, og i oppfølgjaren Rive-Rolf krasjer internett.
Hausten 2010 var Asgeir Borgemoen deltakar i realityserien 71° nord – Norges tøffeste kjendis som gjekk på TVNorge våren 2011. Han ende på andreplass, bak Pål Anders Ullevålseter.
Våren 2020 var han deltakar i fjerde sesong av reality-serien Farmen Kjendis på TV2.
Diskografi
- Fritt fram (2000)
- Sjefen over alle sjefer (2001)
- Turbo compressor noz injection (2002)
- Asgeirs beste (2004)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads