Ash-Shuyukh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ash-Shuyukh eller al-Shuyukh (arabisk الشيوخ) er ein palestinsk by i Hebron guvernement som ligg 6 km nordaust for byen Hebron. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Ash-Shuyukh eit folketal på over 8 811 i 2007.[2]
Som resten av Hebron-området, er ash-Shuyukh eit jordbruksområde. Det vert hovudsakleg dyrka oliven, fiken, mandlar, linser, fersken og aprikos.[3]
Remove ads
Historie
Osmansk tid
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, seint i osmansk tid. Han skreiv at landsbyen låg på ei høg klippe. Han hadde 200 innbyggjarar og ein liten moské tileigna "Cheikh Ibrahim el-Hedmi.»[4]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein velbygd landsby i høgt lende, og synleg frå Tekua. Det står nokre få tre rundt, og grotter. Vassforsyninga kjem frå cisterner, og det ligg ei kjelde i nord.»[5]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922 hadde 'Al Shiukh eit folketal på 792, alle muslimar[6] Dette hadde auka under folketeljinga i 1931 til 925 muslimar, i 180 hus.[7]
I 1945 var folketalet i Ash-Shuyukh 1 240 arabarar, som eigde 22 091 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 1 713 mål var plantasjar og irrigert land, 3 365 for korn,[9] medan 24 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads