Ask Me Why

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ask Me Why» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles først gjeven ut i Storbritannia som B-sida til singelen «Please Please Me». Han var òg med på debutalbumet deira, Please Please Me.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

Songen var skriven tidleg i 1962 og er i røynda ein song av John Lennon,[1] men vart tilskriven Paul McCartney ogJohn Lennon, slik alle dei originale songane på Please Please Me vart. Paul McCartney sa «Det var John sin originale idé og me sat oss ned og skreiv han i lag, men det var hovudsakleg John sin.»[2][3] Han vart framført på konsertane deira før dei fekk platekontrakt og var ein av dei songane dei spelte inn under den første innspelinga si for Parlophone i Abbey Road studio to den 6. juni 1962.[4][5][6] Songen etterliknar stilen til Smokey Robinson and the Miracles, som Lennon var inspirert av. Den førte gitarfrasen i songen er henta frå The Miracles sin «What's So Good About Goodbye» (1961).[7]

Remove ads

Innspeling

«Ask Me Why» vart opphavleg spelt inn i Abbey Road studio den 6. juni 1962 med trommeslagaren Pete Best. Sidan innspelinga var ein «kommersiell test», vart ikkje nokre av innspelingane den dagen rekna som høvande for utgjeving, og ein trudde lydbanda var blitt øydelagd av EMI. Men to songar overlevde, «Besame Mucho» og «Love Me Do» vart seinare funne på acetat-plater.[8][9][10]

Songen vart spelt inn på ny, i lag med «Please Please Me», den 26. november 1962 med Ringo Starr på trommer. The Beatles øvde òg på «Tip of My Tongue», ein annan Lennon- og McCartney-song som dei vurderte som B-sida til «Please Please Me».[7] George Martin meinte derimot at «Tip of My Tongue» framleis var uferdig og gav han til slutt til Tommy Quickly som spelte han inn.[11]

Remove ads

Andre utgjevingar

  • Capitol Records, motparten til EMI og Parlophone i USA, avslo først å distribuere musikken til Beatles i USA og «Please Please Me»/«Ask Me Why» vart derfor gjeven ut på Vee-Jay Records den 25. februar 1963.
  • Vee-Jay inkluderte «Ask Me Why» på den andre versjonen av Introducing... The Beatles.
  • Capitol gav til slutt «Ask Me Why» i 1965 på The Early Beatles då rettane til Vee-Jay opphøyrte.
  • Eit konsertopptak frå desember 1962 kom ut på den tyske/britiske versjonen av Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962 i 1977, men var ikkje med på den første amerikanske utgåva.
  • Ein versjon vart spelt inn for BBC den 3. september 1963. Denne kom ut på On Air – Live at the BBC Volume 2 i 2013.

Andre versjonar

Songen vart spelt inn av The Smithereens på albumet deira 2008 B-Sides The Beatles.[12]

Medverkande

Lydteknikar var Norman Smith

Personell per Ian MacDonald[7][3]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads