Gammalsyrisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gammalsyrisk
Remove ads

Gammalsyrisk (ܣܘܪܝܝܐ, suryāyā) er ein dialekt av austlege mellomarameisk som ein gong vart snakka over store delar av det området i Levanten som vert kalla den fruktbare halvmånen. Etter å ha oppstått ein gong kring 100-talet evt.[1] vart klassisk gammelsyrisk eit viktig litterært språk over heile Midtausten frå 300- til 700-talet,[2] det klassiske språket i Edessa, bevart i mykje assyrisk litteratur. Gammalsyrisk er som mellomarameisk eit språk i den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien.

Kjappe fakta
Remove ads
Thumb
Det sysriske arameiske alfabetet

Gammalsyrisk vart bindemiddelet for syrisk ortodoks kristendom og den tilhøyrande kulturen, og spreidde seg gjennom Asia så langt som til den indiske Malabarkysten og til austlege Kina, og var uttrykksmiddelet for kommunikasjon og kulturell utbreiing for arabarar og til ein mindre grad for persarar. Som hovudsakleg eit kristent uttrykksmedium hadde gammalsyrisk ein fundamental kulturell og litterær innverknad på utviklinga av arabisk som kom til å erstatte gammalsyrisk som ein del av den islamske dominansen mot slutten av 700-talet. Gammalsyrisk har vorte verande det liturgiske språket til syrisk kristendom.

Gammalsyrisk er skrive med syrisk skrift, ei utleiing av arameisk skrift.

Thumb
Spreiinga av gammalsyrisk språk i Midtausten og Asia: sjølv om gammalsyrisk var ein gong eit viktig språk i den fruktbare halvmånen, er det i dag avgrensa til mindre område som Ninevesletta, Tur Abdin, Qamishli og rundt den syriske byen Ma'loula.
Remove ads

Skriftsystem

Gammalsyrisk vert skrive med tre nærskylde alfabet: Estrangela, serto og nestoriansk. Her er ei oversikt over estrangela. Bokstavane tar forskjellige former etter posisjonen dei har i eit ord. Dei kan stå isolert, først, midt i eller sist i et ord. Nokre bokstavar vert ikkje knytt vidare i ordet, og formene midt i og sist i ord blir dermed like. Gammalsyrisk vert lese frå høgre mot venstre.

Meir informasjon Lydverdi, Isolert ...


Remove ads

Grammatikk

Verb

Verb er bygd opp av røter på tre eller fire konsonantar og mønster. Dei seks vanlegaste mønstera i gammalsyrisk er Peal (grunnform), Ethpeel (refleksiv-passiv), Pael (intensiv), Ethpaal (intensiv, refleksiv-passiv), Aphel (kausativ) og Ettaphal (kausativ, refleksiv-passiv).

Konjugasjonar

Gammalsyriske verb vert bøygd i tre personar (1., 2., 3.), to tal (eintal/sg, fleirtal/pl), og to kjønn (maskulin, feminin).

Meir informasjon Peal, Ethpeel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads