ISO 639

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

ISO 639 er ein av fleire internasjonale standardar som inneheld korte kodar for språknamn. ISO 639 består av ulike delar, to av desse har vorte publisert til no. Dei andre delane er under arbeid.

Kodar

Dei tre publiserte delane er:

  • ISO 639-1:2002 Codes for the representation of names of languages -- Part 1: Alpha-2 code
  • ISO 639-2:1998 Codes for the representation of names of languages -- Part 2: Alpha-3 code
  • ISO 639-3:2007 Codes for the representation of names of languages -- Part 3: Alpha-3 code for comprehensive coverage of languages

Den første av dei inneheld tobokstavskodar, de to andre trebokstavskodar. 22 av språka i 639-2 har to kodar, ein for bibliografisk bruk (ISO 639-2/B), og ein for terminologisk bruk (ISO 639-2/T).

Desse delane er under arbeid:

  • ISO 639-4:2007? Codes for the representation of names of languages -- Part 4: Implementation guidelines and general principles for language coding
  • ISO 639-5:2006? Codes for the representation of names of languages -- Part 5: Alpha-3 code for language families and groups
Remove ads

Bakgrunn og arbeid med språkkodar i dag

Historia attom ISO 639 går attende til lenge før dataalderen, då standardiserte språknamn var relevant framforalt for bibliotekarar. Den viktigaste aktøren bak standardiserarane er då også det amerikanske Library of Congress. Derfor var det t.d. i utgangspunktet berre ein kode for «norsk», no, i og med at bibliotekarane og norskfilologane insisterte på at nynorsk og bokmål representerte det same språket, og det vart laga kodar som smi «andre samiske språk«. I dataalderen har ei anna brukargruppe teke ISO 639 i bruk, nemleg dei som lokaliserer brukargrensesnitt til ulike språk. For dei er kodar som no og smi lite relevante.

Eit anna problem med ISO 639 er at det inneheld svært få språk. ISO 639-1 kan berre innehalde 26 x 26 kodar, eller 676 språk, mens det er bortimot 7000 språk i verda. 639-2 har forsåvidt nok potensielle bokstavkombinasjonar (17576), men kravet til å bli med i 639-2 har til no vore svært høge (minst 50 publikasjonar registrert med ISDN-nummer eller tilsvarande, og ein registreringsinstans), krav som i praksis har ekskludert fleirtalet av språka i verda.

Ein kontrast til dette finn vi i den såkalla SIL-koden, trebokstavskoden som blir brukt av Summer Institute of Lingustics sin database Ethnologue. Den inneheld ein trebokstavskode for alle språka som er lista i Ethnologue. Arbeidet med ISO 639 går no fram på den måten at ISO og SIL sitt arbeid blir unifisert, ved at SIL-koden blir tatt i bruk der det ikkje finst nokon ISO-kode.

I dag er ISO/SIL sine trebokstavskodar i bruk i bibliografiske samanhengar, og i fleire andre framstillingar av språk, til dømes på Wikipedia. Visse private instansar (som t.d. Microsoft) har sine eigne standardar, men tendensen er at den kombinerte ISO/SIL-standarden etablerer seg som dominerande standard.

Remove ads

ISO 639-2

Liste over kodane i 639-2, sortert alfabetisk etter språkkode. Språk med fleire, svært ulike kodar er oppført fleire gonger.

A

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

B

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

C

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

D

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

E

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

F

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

G

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

H

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

I

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

J

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

K

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

L

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

M

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

N

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

O

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

P

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

Q

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

R

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

S

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

T

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

U

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

V

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

W

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

X

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

Y

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...

Z

Meir informasjon Alfa-3, Alfa-2 ...
Remove ads

Sjå også

Bakgrunnsstoff

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads