Asta Busingye Lydersen
norsk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Asta Busingye Lydersen (fødd 18. august 1970) er ein norsk-ugandisk journalist, songar og skodespelar[1] fødd i Skottland. Ho er medlem av Queendom, ein norskafrikansk kunstnarduo som tidlegare var eit kollektiv med fleire medlemmer.[2] Queendom fekk Oslo bys kunstnerpris for 2007. Gruppa speler konsertar og held framsyningar med samfunnsengasjert perspektiv.
Asta Busingye Lydersen har delteke i oppsetjingar ved mellom anna Riksteatret, Oslo Nye Teater, Trøndelag Teater og Nordic Black Theatre, og har dessutan hatt mindre roller i ei rekkje film- og TV-produksjonar.[3] Ho er medlem av Norsk Skuespillerforbund. Ho var programleiar i NRK Migrapolis på TV og radio frå 2003 til 2006, og gjekk seinare over til å ta oppdrag som kulturprodusent, prosjektleiar og programleiar på prisutdelingar, kulturarrangement og fagseminar.[3]
Busingye Lydersen var nestleiar i Norsk kulturråd frå 2009–2015,[1] der ho leidde Scenekunstutvalget, og deretter Utvalg for barne- og ungdomskultur. Frå 2017 har ho hatt verv som styremedlem på Nationaltheatret[4] og Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo, vore jurymedlem i Telenors Kulturpris og medlem av fagkomiteen i ArtEx, Talent Norge.
Remove ads
Artiklar og essays (utval)
I 2013 gav Aschehoug forlag ut det personlege essayet Afropolitt i samband med 100-årsjubileet for allmenn stemmerett.[5][6] I 2019 var dei kulturpolitiske essaya hennar Synlig/Usynlig - Norske kulturinstitusjoner fra et afropolittisk perspektiv. eit av bidraga i ei tekstsamling som Nasjonalmuseet publiserte.[7]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads