Atlantis av Donovan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Atlantis» er ein folkrock-popsong skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Han vart først gjeven ut som singel i 1968 og vart ein suksess verda over, mest av alt i Austerrike, USA, Tyskland og Sveits, der han gjekk heilt til topps i 1969.[1] I USA var songen B-sida til singelen «To Susan on the West Coast, Waiting».
I 2001 spelte Donovan og det tyske popbandet No Angels inn songen på nytt for rulleteksten av Walt Disney-filmen Atlantis: The Lost Empire (2001). Denne versjonen vart gjeven ut som singel og nådde Topp 5 i Austerrike og Tyskland.[1]
Remove ads
Historie
Introduksjonen er ein roleg monolog som omtalar Atlantis som ein avanser siviliasjon og at kolonistar frå Atlantis danna grunnlaget for dei mytologiske gudane i antikken. Folket på Atlantis var klar over lagnaden sin og sende skip for å bere folket i tryggleik, og det er desse folka som er ansvarleg for å føre siviliasjonen og kulturen til dei primitive menneska. Når songen byrja for fullt inneheld han ei melding om at verkeleg kjærleik kan finnast på Atlantis.
Mange meiner at Paul McCartney syng korvokal på «Atlantis», mellom anna forfattarane av boka All Together Now: The First Complete Beatles Discography, 1961—1975 (New York: Ballantine Books, 1976, s. 384). McCartney er derimot ikkje omtalt på plateomslaget.
Kontraktsstrid på denne tida gjorde det komplisert å gje ut dei same platene til Donovan i Storbritannia og USA. Songen vart opphavleg gjeven ut i Storbritannia som ein singel med «I Love My Shirt» som B-side. I 1969 vart han gjeven ut i USA på albumet Barabajagal. Albumet kom ikkje ut i Storbritannia, og «Atlantis» vart så gjeven ut i USA som B-sida til «To Susan on the West Coast Waiting».
Songen vart rekna som upassande som hitsingel i USA, på grunn av lengda og den lange monologen i starten, og derfor ikkje «radiovenleg». Trass i suksess i Europa vart songen derfor plassert på B-sida. Produsentane tok derimot feil og «Atlantis» vart langt meir populær enn A-sida, og nådde 7. plass på lista i USA.
I populærkulturen
«Atlantis» vart nytta i ein minneverdig scene i Martin Scorsese-filmen Goodfellas frå 1990, der gangsteren Billy Batts, spelt av Frank Vincent, vert banka av Joe Pesci og Robert De Niro. Denne scene er ein av dei mest valdelege i heile filmen. Songen vert òg omtalt i Stephen King-boka Hearts in Atlantis.
Songen vart parodiert i ein episode av Futurama, kalla «The Deep South». Donovan spelte inn songen på nytt for teikneserien som «Hail Atlanta».[2]
Remove ads
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads