Atlit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Atlit (hebraisk skrift עַתְלִית) er ein kystby sør for Haifa i Israel. Han var opphavleg ein utpost for krossfararane som fall i 1291. Den moderne landsbyen vart grunnlagd i 1903 med støtte frå baron Edmond de Rothschild. Folketalet er i dag 5 797.[1] Atlit interneringsleir ligg i nærleiken.
Remove ads
Historie

Atlit har spor etter busetnader sidan tidleg i bronsealderen. Krossfararane bygde Chateau Pelerin, eit av dei største festningsverka i Det heilage landet, og ein av dei siste gjenverande utpostane til krossfarane som stod i mot åtak frå Baibars. Atlit vart verande hos krossfarane fram til 1291. Ruinane av borga står framleis.
I 1881 noterte Survey of Western Palestina at det fanst ein liten arabisk landsby her med leirhytter og eit folketal på 200. I 1903 bygde jødiske nybyggjarar ein landsby i nærleiken dei òg kalla Atlit. Under Palestinamandatet, vart arabiske og jødiske landsbyar statistisk rekna som same landsby. I 1938 var det 508 arabarar og 224 jødar. Den arabiske folkesetnaden minka kraftig i 1940-åra på grunn av sal av landområde, så i 1944-1945, var det berre 150 arabarar att der (90 muslimar og 60 kristne) i lag med kring 510 jødar. Kvifor dei gjenverande arabarane drog i 1948 er ukjend.[2]
Atlit fekk status som lokal kommune i 1950, men i 2004 vart han ein del av Hof HaCarmel regionale kommune.
Atlit interneringsleir vart nytta av dei britiske styresmaktene til å halde jødiske emigrantar til Palestina.[3] Dette er i dag eit musen i Ha'apala. Ein base for Israel sin marinekommando ligg i nærleiken.
Remove ads
Venskapsbyar
Sjå òg
- Atlit marinebase
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads