August den sterke

From Wikipedia, the free encyclopedia

August den sterke
Remove ads

Friedrich August I eller August den sterke (polsk August II Mocny) (fødd 12. mai 1670 i Dresden, død 1. februar 1733 i Warszawa) var kurfyrste av Sachsen 1694-1733, og som August II dessutan konge av Polen 1697-1704 og 1709-1733.

Kjappe fakta

Han var son av Johan Georg III av Sachsen og Anna Sofia av Danmark, samt fetter av svenskekongen Karl XII. Han budde på jaktslottet Moritzburg i Sachsen, kjent som kongeslottet i filmen Tre nøtter til Askepott.

Thumb
August I.

Han skaffa seg tilgjenge til den polske krona takka vere støtte frå framande stormakter og mutingar. Han lét seg styre berre av dynastiske interesser og førte Polen inn i krig med Sverige som ein del av den store nordiske krigen, noko som førte til svensk invasjon og resulterte i omfattande øydeleggingar i Polen.

Den polske arvefølgjekrigen braut ut etter han døydde.

Friedrich August II var gift med Christiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth.

Born:

  1. Friedrich August II av Sachsen.

Born (med Aurora von Königsmarck):

  1. Moritz av Sachsen, marskalk av Sachsen.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads