Augusta Abrahamsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Augusta Abrahamsen (fødd 18. desember 1861 i Valle, død 24. juli 1959)[1][2] var ein norsk forfattar, godtemplar og kvinnesakskvinne.
Jentenamnet hennar var Augusta Falkenberg og ho var dotter til prost Magnus Falkenberg og kona Bolette Margrethe, fødd Søeberg.[2] Familien flytte frå Valle til Flekkefjord då Augusta var to år gamal, og ho voks opp i den vesle kystbyen.[2] Seinare flytte dei til Larvik og ho tok der middelskuleeksamen i 1880.[3] I 1891 gifte ho seg med sakføraren Lars Kristian Abrahamsen.[2] Han vart politikar for Venstre og sat fleire periodar på Stortinget og var også statsråd. Begge var aktive i fråhaldsrørsla og ho var ein leiar i Larvik i arbeidet for stemmerett for kvinner.[4]
Augusta Abrahamsen byrja tidleg å skrive. Ho hadde stykke på prent i ulike blad og aviser, men ho skreiv då ikkje under fullt namn, berre Augusta.[2] Fyrste boka ho fekk gjeve ut kom på svensk i 1894, Storskrytaren och andra berättelser för barn. Det var ei samling forteljingar tidlegare prenta i ulike blad.[2] Den fyrste norske bokutgjevinga hennar kom i 1901 og heitte 8 barnefortællinger.
Remove ads
Bøker
- 1894 – Storskrytaren och andra berättelser för barn – Forteljingar for born
- 1901 – 8 barnefortællinger – Forteljingar for born
- 1908 – Radikalerens hustru ; Mammon ; Faderløs ; Henrik – Forteljingar
- 1912 – Den lille tyske musikant : og andre barnefortællinger – Forteljingar for barn
- 1939 – For lenge, lenge siden : fortellinger fra mors og bestemors tid – Forteljingar i utval ved Idar Handagard
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads