Aurelianus av Romarriket

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aurelianus av Romarriket
Remove ads

Lucius Domitius Aurelianus (9. september 214275), kjend som Aurelian eller Aurelianus, var romersk keisar frå 270 til han blei drepen i september eller oktober 275.

Kjappe fakta Periode, Fødd ...

Aurelianus var fødd nær Sirmium i Moesia, noverande Sremska Mitrovica i Serbia. Han gjekk gradene som soldat i romarhæren og blei utropt til keisar av troppane i Sirmium.

I eit rike truga av «barbarar» og naborike organiserte han effektivt forsvar og slo alemannarar, gotarar og markomannarar før han erobra Palmyra under Zenobia. Han reiste aurelianmuren til vern av Roma; delar av denne står framleis.

Keisaren innførte Sol Invictus som ein viktig gud på linje med dei andre romerske hovudgudane. Han fekk reist eit strålande tempel til guden som han dekorerte med skattar tekne frå toktet i Palmyra.

Aurelianus blei drepen av pretorianargarden, som skal ha frykta ugrunna straff, ved Caenophrurium, undervegs på eit felttog mot Persia.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads