Palmyra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Palmyra
Remove ads

Palmyra (arabisk تدمر, Tadmur; arameisk ܬܕܡܘܪܬܐ, hebraisk תַּדְמוֹר, Tadmor, Taḏmôr, gammalgresk Παλμύρα) er ein arabisk ruinby sentralt i Syria. Han var ein viktig by i antikken og låg i ein oase 215 km nordaust for Damaskus[1] og 180 km sørvest for Eufrat ved Deir ez-Zor. Han var lenge ein viktig stoppestad for karavaner som skulle krysse Den syriske ørkenen og var kjend som Ørkenbrura. Dei tidlegare dokumenterte kjeldene omtalar byen med det semittiske namnet Tadmor, Tadmur eller Tudmur (som tyder «byen som fråstøyter» på amorittisk og «den ustyrlege byen» på arameisk)[2]babylonske tavler funne i Mari.[3]

Kjappe fakta Land, Stad ...

Sjølv om byen vart fråflytta etter 1500-talet, vert han framleis kalla Tadmor på arabisk.[4][5] Det ligg ein nyare by med same namn like ved ruinane.[6] Innbyggjarane bygde ei rekkje store monument med gravkunst som kalksteinsheller med byster av dei avlidne.

Staden vart oppført på lista til UNESCO over verdsarva i 1980.


Thumb
Tidleg morgon i Palmyra
Thumb
Panorama av Palmyra
Thumb
Bel-tempelet
Thumb
Teateret
Remove ads

Klima

Meir informasjon Vêrdata for Palmyra, Jan ...
Remove ads

Sjå òg

Thumb
Gamle bogar ved Palmyra
  • Det palmyrenske riket
  • Bel-tempelet
  • Romarteateret i Palmyra

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads