Aurich

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aurich
Remove ads

Aurich (frisisk Auwerk, plattysk Auerk) er ein by og kommune nordvest i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Kommunen, som hyser hovudsetet for Landkreis Aurich, omfattar 197,3 km² og har 42 000 ibuarar.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Aurich var i si tid residensby for dei austfrisiske fyrstane. Så lenge denne perioden varte ved, vart det årleg halde ting ved Upstalsboom utanfor byen. Aurich vert difor rekna som Ostfrieslands hovudstad. Frå midt på 1700-talet var byen sete for Preussen og Kongeriket Hannover sitt styre over Ostfriesland.

Etter andre verdskrigen vart Aurich gradvis industrialisert og endra seg fra å vere ein administrasjonsby. Særleg tydeleg vart dette frå 1990-åra gjennom framveksten av vindturbinprodusenten Enercon, den største private sysselsetjaren i byen med hovudkontor her og meir enn 2 800 tilsette.

Rudolf Christoph Eucken var frå Aurich.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Aurich


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads