Aust-Telemark tingrett

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Aust-Telemark tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg på Notodden i Telemark fylke og dekker kommunane Notodden, Hjartdal, Tinn, og Sauherad.

Historikk

Heddal heradsrett blei oppretta i 1920. Kommunane Notodden (kjøpstad) og Heddal blei då utskilde frå Nedre Telemark heradsrett, og skipa eit nytt domssokn saman med kommunane Hjartdal, Gransherad og Hovin frå den samstundes nedlagde Øvre Telemark østfjelske heradsrett.

I 1937 blei Tinn heradsrett oppløyst og lagd til Heddal tingrett, som då fekk namnet skifta til Tinn og Heddal heradsrett. I 2002 blei nemninga endra til Tinn og Heddal tingrett.

Ved nedlegginga av "gamle" Nedre Telemark tingrett i 2007 blei domssoknet utvida med kommunane Bø og Sauherad, samstundes som namnet blei endra til det noverande Aust-Telemark tingrett.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads