Austblokka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Austblokka var ei nemning på fleire statar med offentleg erklært sosialistisk eller kommunistisk styre i Aust- og Sentral-Europa under den kalde krigen. Omgrepet inkluderte landa i Warszawapakta i tillegg til Jugoslavia og Albania, med Sovjetunionen som den fremste staten og største maktfaktor.[1] [2]

Dei fleste av austblokklanda var kontrollert av Sovjetunionen; Ungarn og Tsjekkoslovakia vart òg okkupert av Sovjetunionen. I tillegg fanst det land som vart oppfatta som meir nøytrale, statar som var styrte av kommunistiske parti, men som likevel klarte å unngå å verte styrt av Sovjetunionen, slik som Albania og Jugoslavia.
Omgrepet står i motsetning til Vestblokka, òg omtalt som vesterlanda, «den vestlege verda» eller meir retorisk som «den frie verda», som grovt rekna omfatta landa i NATO.
Landa i austblokka omtalte seg sjølve som folkedemokrati og sosialistiske statar. Omgrepet «Jernteppet» vart nytta for å markere det geografiske skiljet mellom aust- og vestblokka. Berlinmuren, som skilte den austtyske hovudstaten frå den vesttyske hovudstaten, var eit kjent symbol på det fysiske skiljet mellom dei vestre og dei austre statane.
Remove ads
Austblokkland
- Austblokkland i Europa dominert av Sovjetunionen
Bulgaria
Folkerepublikken Polen
Ungarn
Tsjekkoslovakia
Den tyske demokratiske republikken (DDR)
Romania (til 1960-talet)
Sovjetunionen
- Andre austblokkland i Europa
Albania
Jugoslavia
Romania (frå 1960-talet)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads