Østerbotn
vik i Porsanger i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Østerbotn eller Austerbotn (nordsamisk Soggovuotna, finsk Sokkuvuono)[1] er ein fjordarm av inst i Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Østerbotnhalsen i botn av fjorden, eit lite stykke aust for Lakselv.[2]
Fjorden går langs austsida av Oldereidneset og har innløp mellom Gáhkkorláttonjárga i vest og Store Bjørnnes i aust. På andre sida av Oldereidneset ligg Vesterbotn og Brennelvfjorden. Austerbotn er mykje djupare enn den grunne Vesterbotn og er 106 meter på det djupaste, eit godt stykke ut i fjorden. Det ligg fleire mindre busetnader langs fjorden, som Handelsbukt og Fluberg på austsida, og Hamnbukt på vestsida.
Fylkesveg 98 går langs botn og austsida av fjorden.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads