Austre Moland kyrkje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Austre Moland kyrkje
Remove ads

Austre Moland kyrkje er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje på staden. Ho vart riven i 1672, og dagens kyrkje vart innvigd året etter, ei langkyrkje oppført av byggmeister Ole (eller Oluf) Ormsen. Ole Nielsen Weierholt bygde tårn på kyrkja i 1750, og i 1775 vart spiret endra av den same Weierholt og fekk dei fire fialene. I 1779 vart kyrkja utvida til krosskyrkje av byggmeister Beint Gundersen Skjævestad, med det gamle skipet som vestre krossarm.

Mykje av inventaret er frå 1700-talet. Det vart overmåla og skifta ut i 1870-åra, før kyrkja vart restaurert frå 1920-talet og fram mot 1961. Kyrkja har karakteristisk måla dekor på utsida.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads