Avallon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Avallon er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yonne i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 8 000 innbyggjarar
Remove ads
Geografi
Avallon ligg 55 km søraust for Auxerre, langs jernbanelinja mellom Paris og Lyon. Byen ligg på ei lita høgd og har vide gater og pittoreske promenadar. Like sør for byen renn elva Cousin.
Historie
Romarane hadde ein liten busetnad her kalla Aballo,[1] ein mutatio eller ein stasjon der ein hadde utkvilte hestar. To rosa marmorsøyler i kyrkja St-Martin du Bourg kjem opphavleg frå eit ukjend tempel. Den romerske festninga, som ligg på ein knaus over Cousindalen, har fått namnet Montmartre («Martyrfjellet»).
I år 470 forsvann (og sannsynlegvis døydde) den romano-britiske kongen Riothamus i Avallon etter å ha tapt eit slag mot gotarar, som den vestromerske keisaren Anthemius hadde leigd inn for å slåst for seg. Dette, og andre sider frå regjeringstida hans, har gjort han til ein mogeleg kandidat som den historiske Kong Arthur.
Avallon (Aballo) var i mellomalderen sete for eit visehertugdøme som hadde sjølvstende under hertugdømet Burgund. Då Karl I av Burgund døydde i 1477 kom byen under kongeleg styre.
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads