Aviatorbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aviatorbreen er ein stod dalbre i Antarktis som er kring 100 km lang og 8 km brei, og som generelt flyt sørover frå platået i Victoria Land langs vestsida av Mountaineer Range og ut i Lady Newnes Bay mellom Cape Sibbald og Hayes Head der han dannar Aviator bretunge.[1]
Isbreen vart fotografert frå lufta av kaptein W.M. Hawkes i US Navy på den historiske første flyturen frå New Zealand til McMurdo Sound den 17. desember 1955. Eit forsøk på å undersøke breen med helikopter og lande eit mannskap frå NZGSAE måtte avlysast då USS «Glacier» vart øydelagd av istrykket i desember 1958. Han vart namngjeven av NZGSAE, 1958–59, som ei hyllest til det farlege arbeidet pilotar og andre flyfolk gjorde under utforskinga og undersøkinga av Antarktis.[2]
Remove ads
Aviator bretunge
Aviator bretunge i Antarktis er ei forlenging ut i Rosshavet av Aviatorbreen, mellom Wood Bay og Lady Newness Bay langs kysten av Victoria Land.[3] Denne flytande istunga strekkjer seg kring 25 km utover i sjøen.< Namnet vart tilrådd av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Aviatorbreen.[4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads