Avihayil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Avihayil (hebraisk skrift אֲבִיחַיִל, tyder Styrkens far) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nordaust for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 394.[1]
I 1921 slo veteranar frå Den jødiske legionen under den fyrste verdskrigen seg ned i eit ørkenområde som dei fekk av dei britiske mandat-styresmaktene nordaust i Negev, nær Tel Arad. Busetnaden vart fråflytta då dei ikkje fann vatn.
Ein ny landsby vart grunnlagd i Heferdalen den 19. juli 1932 på eit audeområde med sanddyner, eigd av Jewish National Fund.
I 1946 vart Avihayil slått saman med ein nærliggande moshav, Ein HaOved. Grunnleggjarane var immigrantar frå Canada, Russland og USA, i tillegg til fleire innfødde israelarar. I 1967 var det 605 innbyggjarar i landsbyen og hovudnæringa var jordbruk, mellom anna sitrus.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads