Avskjed

From Wikipedia, the free encyclopedia

Avskjed
Remove ads

Avskjed, avskil eller farvel er det å skiljast frå ein annan eller andre personar for eit lengre eller kortare tidsrom.

For det å forlata ein jobb, sjå avskil.
Thumb
President Ronald Reagan vinker farvel i 1989.

Det finst mange ulike avskjedsord og -handlingar som kan variera mellom kulturar. I tillegg til ord og gestar finst det også seremoniar og ritual knytte til avskjeder.

Nokre fraser og handlingar blir nytte både for helsingar og avskjeder, som handtrykk, ciao og hei.

Døme på avskjedsgestar kan vera:

Remove ads

Avskjedsfraser

  • adjø ([gå] med Gud), opphavleg ei kristen helsing frå fransk
  • adiós, spansk for [gå] med Gud
  • arrivederci, italiensk for 'på gjensyn'
  • as-salamu alaykum eller salam (Fred [vere med deg]) er ein vanleg avskjedsfrase blant muslimar og arabarar
  • auf wiedersehen ('på gjensyn'), ei tysk helsing
  • au revoir ('på gjensyn'), ei fransk helsing
  • farvel eller far vel[1]
  • goodbye, ein engelsk frase trekt saman frå God be by ye ('Gud vere med deg').[2] Også forkorta til bye eller bye-bye.
  • ha det [bra][3]
  • hasta la vista, spansk for 'ser deg seinare'
  • khuda hafiz ('Gud verne [deg]'), brukt blant iranarar og sørasiatiske muslimar
  • namaste og namaskar, brukt i indisk tradisjon
  • sjalom ('fred'), brukt blant jødar og ein del kristne
  • sayonara, japansk helsing som bokstaveleg tyder 'om det er slik det er'
  • see you, engelsk helsing
  • so long, engelsk helsing
  • Waheguru ji ka khalsa, Waheguru ji ki fateh ('khalsaen tilhøyrer Waheguru; siger er gjeven av Waheguru'), brukt blant sikhar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads