Awk
programmeringsspråk From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
AWK er eit programmerings- og skriptspråk for handsaming av tekstbaserte data, anten frå filer eller datastraumar. Namnet er utleitt frå etternamnet til utviklarane – Alfred V. Aho, Peter J. Weinberger og Brian W. Kernighan.
Remove ads
AWK brukar for ein stor del strenger, assosiative matriser (som er matriser indekserte med nøkkelstrenger) og regulære uttrykk.
AWK er eit av dei tidlegaste verktya som dukka opp i versjon 3 av UNIX, og det vart raskt populært. Ein versjon av AWK er standard i moderne UNIX-implementasjoner og liknande operativsystem. AWK er nemnt i Single UNIX Specification som ein obligatorisk del av eit Unix operativsystem. Attåt Bourne shell, er AWK det einaste skriptspråk i eit standard Unix-miljø.[1]
AWK (og sed) er òg ein av inspirasjonskjeldene til skriptspråket Perl.
Remove ads
Strukturen i eit AWK-program
Eit kall (oppslag) til AWK består i hovudsak av to delar: ei kommandofil og ei primær inndatafil. Kommandofila, som kan vera ei verkeleg fil eller inkluderast i kommandolinje-kall kallet til awk, inneheld ein serie kommandoar som fortel AWK
korleis inndatafila skal prosesserast. Den primære inndatafila er vanlegvis ei tekstfil som kan vera ei verkeleg fil eller som kan lesast frå stdin.
Eit typisk AWK-program består av linjer på forma
/mønster/ { aksjon }
der mønster er eit regulært uttrykk og aksjon er ein kommando. AWK leitar gjennom inndatafila og når det finn ei linje som svarar til mønster, vil det køyra kommandoane spesifisert i aksjon.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads