Axel Holst
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Axel Holst (fødd 6. september 1860 i Christiania, død 26. april 1931) var ein norsk lege og professor i medisin, kjend for bidraga sine i kampen mot skjørbuk.[1]
Holst tok medisinsk embetseksamen i 1884 og vart dr.med. med ei avhandling om streptokokkar i 1892, begge ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Ved same lærestad var han professor i medisin (1893–1930), og leia institutt for hygiene og bakteriologi. Han var rektor 1919-21 og var president i Den norske lægeforening (1898-99, 1902-03).
Holst er mest kjend for arbeidet sitt med Theodor Frølich og Valentin Fürst, der dei fann ei kopling mellom ernæring og skjørbuk, og påviste rolla til C-vitaminet.[2] Før det hadde han òg vesentlege bidrag til forståinga av mellom anna rolla til inneklimaet.[3] Han gav òg ut fleire bøker om hygiene.[4][5] Holst var soneson av statsfysikus og professor i hygiene, Frederik Holst, i tillegg til bror til dr.phil. Clara Holst.
Holst Point er eit nes i Antarktis som er kalla opp etter Axel Holst.
Remove ads
Verv og utmerkingar
- H.K.H. Kronprinsens gullmedalje 1887
- Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1918
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads