Ayn al-Tineh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ayn al-Tineh (arabisk عين التينة eller Ain al-Tineh) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, aust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein distriktssenter al-Haffah i nordvest, Slinfah i nordaust, Farikah og Nabl al-Khatib i aust, Shathah i søraust, Muzayraa i sør og al-Shir i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ayn al-Tineh eit folketal 1 333 i 2004. Han er det administrative senteret i Ayn al-Tineh nahiyah («underdistrikt») som inneheld 13 stader med eit samla folketal på 6 825.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[2]
Byben ligg på ein kalksteinsutstikkar nord i an-Nusayriyah-fjella,[3] 800 meter over havet.[4] Han ligg mellom al-Haffah og Muzayraa, og Ayn al-Tineh er skild frå dei to byane av wadiar.[3] «Ayn al-Tineh» er òg namnet på ei kjelde som flyt under den nærliggande Salah Ed-Din-borga.[5]
Ayn al-Tineh var historisk sett eit len som høyrte til Kheirbek-klanen, ein viktig familien i dei syriske tryggingsstyrkane og ein del av Kalbiyya-føderasjonen.[3] I følgje den franske forskaren Fabrice Balanche er Ayn al-Tineh ein av fleire landsbyar i kystfjella, som al-Tawahin, som er avhengig av den syriske hæren og staten. Fattigdomen i landsbyen er ein motivasjonsfaktor for at det er så mange tilsett i tryggingsstyrkane og dei vert støtta av den herskande Assad-familien. Dette står i kontrast til andre fattige alawittar landsbyar i regionen som ofte har vore i strid med prominente alawittarfamiliar og ikkje fått dei same fordelane frå staten som Ayn al-Tineh har fått.[6]
Under styret til Hafez al-Assad i 1980-åra og 1990-åra, ein hussainia (sjiamuslimsk moské) grunnlagd i Ayn al-Tineh. Han var den minste som vart bygd av al-Murtada-rørsla, og målte 40 kvadratmeter. Under Hafez-styret fungerte hussainias hovudsakleg som møte for den lokale opposisjonen, men dette endra seg når forholdet mellom det sjia-dominerte Iran og Syria auka dramatisk då den noverande presidenten Bashar al-Assad kom til makta.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads