Aythya

slekt av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Aythya
Remove ads

Aythya er ei biologisk slekt med dukkender i andefamilien.

Kjappe fakta

Skildring

Fuglane i denne slekta lever i ferskvatn eller i estuar, men nokre som til dømes bergand (Aythya marila) flytter over til marine miljø om vinteren. Dei skaffar seg føde først og fremst ved dukking. Dei er gode flygarar og har raskare vengeslag enn mange andre ender når dei slår med dei breie, butte vengene sine. Populasjonar som hekkar i nord er ofte flyttfuglar medan dei sørlege hekkeartane tenderer til å vere standfuglar. Australdukkand (Aythya australis) flyttar uregelbunden over lange strekk for å komme bort frå kraftig regnvêr. Artane i slekta rører seg klønete på land ettersom beina er plassert langt bak på kroppen, denne beinplasseringa gjer dei til gode symjarar.

Hybridisering, det vil si at ulike artar får avkom saman, førekjem blant dukkender. Det kan skje i eit område der den eine arten er langt meir uvanleg enn den andre arten. Eit døme er avkom frå bergand og toppand.[1]

Remove ads

Artslista

Aythya i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

  • Kanvasand, Aythya valisineria
  • Koparhovudand, Aythya americana
  • Taffeland, Aythya ferina
  • Ringand, Aythya collaris
  • Kvitaugeand, Aythya nyroca
  • Alaotraand, Aythya innotata
  • Amurand, Aythya baeri
  • Australdukkand, Aythya australis
  • Toppand, Aythya fuligula
  • Maoridukkand, Aythya novaeseelandiae
  • Bergand, Aythya marila
  • Purpurhovudand, Aythya affinis
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads