Azzun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Azzun
Remove ads

Azzoun eller Azzun (arabisk عزّون) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer vest for Qalqilya og 24 kilometer sør for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Azzoun, i lag med dei nærliggande landsbyane Islah og Izbat al-Tabib, eit folketal på over 8 900 i 2007.[2] Dei fleste innbyggjarane er muslimar, med ein særs liten kristen minoritet.[3][4]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Like nord for landsbyen vart seks-sju steintårn utforska i 1873. Det best bevarte hadde seks skifter ståande, og ein del av eit tak. Dei lokale sa dei var eldgamle vintårn.[5]

Azzoun var åstad for eit slag under felttoget til Napoleon Bonaparte i Osmansk Syria.[6]

Då den franske hæren marsjerte inn i Palestina kommandert av Napoleon i februar 1799, møtte han kraftig og uventa motstand frå innbyggjarane i Jabal Nablus kommandert av lokale leiarar. Dei gjekk til åtak på den franske hæren då dei marjserte mot Akko, særleg nær Azzoundalen, og tok del i slaget ved Tal-Tabur.

I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen, og skreiv at han hadde 290 menn, alle muslimar utanom ein kristen familie.[7] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Azzun som ein «liten landsby i ei låg åsside, med fleire brunnar og oliven på kvar side.»[8]

Før den arabisk-israelske krigen i 1948 hadde byen eit landområde på 23 496 mål. I dag består byen av 9 130 mål der 1 209 mål er utbygde område. Det ligg fire moskear i byen. Dei fleste innbyggjarane arbeider innan jordbruk og dyrehald (40 %) eller handel og handverk (41%), medan 19 % arbeider innan offentleg sektor.

Remove ads

Demografi

I folketeljinga i 1922 hadde Azzun eit folketal på 700, 9 kristne og 691 muslimar.[9]

I 1945 var folketalet i Azzoun, i lag med Nabi Ilyas og Islah, 1 190, alle arabarar, som eigde 23 496 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 5 494 mål for plantasjar og irrigert land, 1 420 vart nytta for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads