Bésame mucho

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Bésame mucho» er ein song skriven i 1940 av den mexicanske låtskrivaren Consuelo Velázquez.[1] Ein kjend versjon av songen vart spelt inn av Trio Los Panchos.

Kjappe fakta Låtskrivar, Språk ...

Det er ein av dei mest kjende bolero-songane og vart anerkjend i 1999 som den mest sungne og innspelte mexicanske songen i verda.

Songen var med i filmen Follow the Boys (5. mai 1944) då han vart spelt av Charlie Spivak and his Orchestra[2] og i Cowboy and the Senorita (13. mai 1944) med vokal av Dale Evans.[3]

Remove ads

Inspirasjon

I følgje Velázquez sjølv, skreiv ho songen sjølv om ikkje hadde kyssa på den tida, sidan kyssing vart rekna som ei synd.[4][5]

Ho var inspirert av pianostykket «Quejas, o la Maja y el Ruiseñor» frå suiten Goyescas av den spanske komponisten Enrique Granados frå 1911, som han òg seinare nytta som «Aria of the Nightingale» i operaen med same namn i 1916.[1]

Kjende versjonar

  • Kitty Kallen og Jimmy Dorsey (nådde toppen av salslistene i USA i 1944).
  • Andy Russell (åttandeplassen i USA i 1944)[6]
  • Plácido Domingo (fekk ein Grammy-nomniasjon for beste latinpopsong i 1983)[7]
  • Cesária Évora (Évora song på kriolu, eit kreolsk språk som blandar portugisisk med vestafrikanske dialektar. Dette var ein av få songar ho song på eit anna språk)
  • Zoé (fekk ein Latin Grammy-nominasjon for årets singel i 2012[8]
  • The Beatles (spelt inn i 1962, og inkludert på albumet Anthology 1)[9]
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads