Cesária Évora

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cesária Évora
Remove ads

Cesária Évora (fødd 27. august 1941 i Mindelo, daud 17. desember 2011)[1] var ein songar frå Kapp Verde. Ho er kjend for å ha framført musikk i sjangeren morna. Ho framførte også songar i dei muntrare stilane coladeira og funaná frå Kapp Verde, og seinare i karrieren utvida ho også repertoaret med innslag av arabisk, kubansk og brasiliansk musikk. Évora blei kjend som «barfotdivaen», ettersom ho pleide å opptre barføtt i solidaritet med fattige kvinner.[2]

Remove ads

Liv og virke

Évora voks opp i ein fattig familie, og mista faren, Justino da Cruz Évora, som sjuåring.[3][4] Då ho var 10 år gammal såg mora Dona Joana seg nøydd til å senda henne til ein barneheim, ettersom ho ikkje kunne forsørga alle seks barna sine.

Thumb
Heimen til Cesária Évora, som no er eit museum.
Thumb
Cesária Évora avbilda på ein 2000-escudoseddel gjeve ut på Kapp Verde i 2014.

Då ho var seksten byrja ho å opptre på hamnekneiper i heimbyen som tenåring.[5] På 1960-talet byrja ho synga på portugisiske cruiseskip som vitja Mindelo, og på lokal radio. I Europa blei det gjeve ut konsertopptak av Évora på plate på 1960-talet. På 1970-talet gav ho opp songkarrieren fordi han ikkje var mogleg å leva av.

På 1980-talet dukka ho opp igjen. I 1985 blei ho invitert av den kappverdiske songaren Bana til Portugal. I Lisboa blei ho oppdaga av produsenten José da Silva og gjeven mogleiken til å spela inn musikk i Paris.[6]

Ho spelte inn sitt første album, Cesaria, i 1987. Internasjonal suksess kom med det første kommersielle albumet, La Diva Aux Pieds Nus frå 1988, og nådde eit breiare publikum med Mar Azúl (1991). Miss Perfumado frå 1992 seld i over 300 000 eksemplar over heile verda.[7] Albumet inneheldt ein av hennar best kjende songar, «Sodade». Évora hadde utselde opptredenar på store scenar i Paris og Lisboa.[4]

I 2004 vann Évora ein grammypris for albumet Voz D'Amor. I 2009 blei ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen.[8]

Under ein turné i Australia i 2008 fekk Évora slag. I 2009 gav ho ut sitt siste album, Nha Sentimento, som blei spelt inn i Mindelo og Paris med José da Silva. I 2010 hadde Évora ei rekkje konsertar, den siste i Lisboa den 8. mai. To dagar seinare gjekk ho gjennom ein operasjon grunna eit hjarteåtak. I september 2011 kunngjorde agenten til Évora at ho kom til å trekkja seg tilbake grunna dårleg helse.[9]

17. desember 2011, 70 år gammal, døydde Évora i São Vicente på Kapp Verde.[10] Regjeringa på Kapp Verde erklærte landesorg i to dagar då ho døydde.[4]

Évora påverka yngre songarar som Mayra Andrade og Sara Tavares.[4]

Remove ads

Diskografi

  • 1987 – Cesária
  • 1988 – Cesária Évora, La Diva aux pieds nus
  • 1990 – Distino di Belita
  • 1991 – Mar Azul
  • 1992 – Miss Perfumado
  • 1994 – Sodade – Les plus belles mornas de Cesaria (Best of)
  • 1995 – Cesária
  • 1995 – Cesária Évora à L'Olympia
  • 1997 – Cabo Verde
  • 1998 – Best of Cesária Évora
  • 1998 – Nova Sintra
  • 1999 – Le monde de Cesária Évora
  • 1999 – Café Atlantico
  • 2001 – Cesária Évora: L'essentiel
  • 2001 – São Vicente di Longe
  • 2002 – Anthology
  • 2002 – Anthologie: Mornas & Coladeras
  • 2002 – The Very Best of Cesária Évora
  • 2003 – Voz d'Amor
  • 2004 – Les essentiels
  • 2006 – Rogamar
  • 2008 – Rádio Mindelo
  • 2009 – Nha sentimento
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads