Baar
kommune i kantonen Zug i Sveits From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Baar er ein kommune i kantonen Zug i Sveits. Kommunen har 21 787 innbyggjarar (2010) og eit areal på 24,8 km². Kommunesenteret ligg 443 meter over havet.
- Denne artikkelen handlar om kommunen i Sveits. For for måleininga, sjå bahar.
Kommunen ligg nord på elvesletta til Lorze. Han var opphavleg ein gatelandsby langs vegen mellom Zugsjøen og Zürichsjøen. Sidan 1960-talet har kommunen vokse kraftig. Han består av landsbyen Baar og dei tidlegare grendene Allenwinden, Blickensdorf og Inwil.
Kommunen, som ligg nord for byen Zug, grensar i nord mot kantonen Zürich.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Baar ZG» frå Wikipedia på tysk, den 21. september 2011.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad Arkivert 2018-08-28 ved Wayback Machine. (tysk)
- Baar, Sveits på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads