Distrikt i Sveits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Distrikt i Sveits er administrative einingar i Sveits mellom kanton- og kommunenivå. 16 av 26 kantonar er delt i distrikt. Sidan kantonane har stor autonomi og inndelingane av kantonane dermed er opp til desse, er ikkje distrikta samanliknbare einingar mellom kantonane. Både namna og tydinga varierer. Det vanlegaste omgrepet er distrikt (tysk Bezirk, fransk district, italiensk distretto, retoromansk dertgira), men òg omgrepa krins (Kreis, cercle, circolo, circul) eller amt er i bruk. I nokre kantonar finst det fleire administrative nivå, som i Graubünden og Ticino, som er delt i distrikte, som i sin tur er delt i krinsar, som omfattar fleire kommunar.

I nokre kantonar er distrikta reint administrative einingar, i andre (særskild dei tysktalande) har dei reelle politiske kompetansane. Her kan til dømes ikkje kantonane treffe avgjersler som rører dei lågare politiske einingar, visst dei sistnemnde er usamde.

Den følgjande tabellen gjev ei oversikt over distrikta i dei ulike kantonane. Bak namnet på distrikta er mengda mindre einingar gjeve i parentes.

Meir informasjon Kanton, Namn på eininga ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads