Babbacombe Lee av Fairport Convention
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Babbacombe Lee er det sjuande albumet til det engelske folkrockbandet Fairport Convention, og kom ut i 1971. Det fortel soga om John «Babbacombe» Lee, ein mordar frå victoriatida, som sjølv om han vart dømd til døden vart benåda etter at galgen ved tre høve ikkje fungerte skikkeleg. Etter dei gode salstala til forgjengaren Angel Delight, selde dette albumet skuffande, sjølv om det fekk god kritikk. Albumet har sin plass i musikkhistoria som den første «folkrockeoperaen».
Remove ads
Konseptet
Albumet er eit konseptalbum som følgjer livssoga til John «Babbacombe» Lee. Hendingane i livet hans er skildra i songane, frå han var gut til han vart dømd for mord, dømd til døden, og dødsdomen som aldri vart fullbyrda. Albumet skildrar korleis Lee gjekk inn i teneste hos ei Miss Keyes. Medan Lee var i hennar teneste vart ho myrda, og han vart skulda, stilt for retten og dømd til døden. Då styresmaktene prøvde å hengje han, oppstod det feil på galgen tre gonger, og han vart til slutt sleppt fri. Alle bortsett frå ein av songane er originale songar.
Dave Swarbrick har forklart at han laga konseptet etter å ha sett ei dokumentmappe med gamle avisartiklar om Lee hos ein skraphandlar. Mappa inneheldt John Lee sine eigne eksemplar av artiklane og vart signert og datert av han til 30. januar 1908.
Sidan soga er så pass komplett og strukturert, har Babbacombe Lee vorte kalla ein rockeopera, og sidan bandet spelte folkrock, vart det i tillegg kalla den første folkrockeoperaen.[2]
Remove ads
Innhald
Det originale albumet lista spora episodisk i staden for eigne spor, og synte til strukturen i forteljinga.
Alle spor skrivne av Fairport Convention
Kvar av dei fem seksjonane består av fleire songar og delar av songar som ikkje vart oppført separat på det originale albumet.
Innhald på CD-utgåve frå 2004
Seinare utgåver av albumet har ført opp kvar song som separate spor og kven som har skrive dei.
Bonusspora vart innspelte seint i 1974 i samband med ein dokumentarfilm av BBC 2 om John Lee fortald av Melvyn Bragg. Programmet vart sendt i på BBC 2 i serien 2nd House som «The Man They Couldn't Hang - John Lee» den 1. februar 1975. Songane vart framført med andre bandmedlemmar enn på det originale albumet. Simon Nicol hadde slutta og tilbake var songaren Sandy Denny.
Remove ads
Medverkande
- Simon Nicol – vokal, gitar, dulcimer (12)
- Dave Mattacks – trommer, elektrisk piano (12), harmonium (6,7)
- Dave Swarbrick – vokal, fele, mandolin
- Dave Pegg – vokal, bass, mandolin
på 16 og 17 (utan Simon Nicol):
- Trevor Lucas - rytmegitar
- Jerry Donahue - sologitar
- Sandy Denny – vokal på «Breakfast in Mayfair»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads