Badetøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Badetøy
Remove ads

Badetøy er klede som er utforma for å brukast av folk som gjer noko ved vann eller vassport, som bading, symjing, dykking eller surfing, eller solorienterte aktivitetar som soling. Det finst fleire ulike typar badetøy til bruk av menn, kvinner og born.

Thumb
Amerikansk badedrakt for kvinner frå 1920-talet.

Badetøy kan brukast som underklede til aktivitetar som til tider krev bruk av våtdrakt eller tørrdrakt som symjing i kaldt vatn, vasski, dykking, surfing og wakeboarding. Ein kan òg bruka kleda til å vise fram dei fysiske eigenskapane til brukaren, som i tilfelle venleikstevlingar, kroppsbygging eller til glamourfotografi og i magasin som det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue, som viser modeller og sportspersonlegdommar i badetøy.

Det finst ei rekkje ulike former for badetøy i dag som kan variera mykje innan dekkeomfang og og materiale. Val av stil kan vera avhengig av mote, lokale normer for tildekking og personlege preferansar. I tillegg speler bruksområde ei rolle, til dømes om ein skal bruka tøyet til eit passivt høve som å sola seg eller til ein aktivitet som surfing eller symjing. Badetøy dekkjer som regel alltid skrittet til brukaren, og kan også dekka delar av føtene, torsoen og armane. For menn dekkjer badetøy i dag vanlegvis underkroppen, medan overkroppen er bar. For kvinner er det vanleg at han dekker delar av overkroppen, i det minste brystvortene. Badehette er ei form for badetøy for hovudet som dekkjer håret.

Remove ads

Materiale

Thumb
Badedrakt i ull frå 1870-talet.

Tradisjonelt har ein nytta naturmateriale som ull til å laga badetøy. På 1920-talet tok ein i bruk kunstfiberet rayon til å laga tettsitjande badetøy,[1] men haldbarheita, særleg når tøyet blei vått, viste seg å vera problematisk.[2] Jerseystoff og silke var òg ein del brukt.[3]

På 1930-talet blei det utvikla nye materiale som blei brukte til badetøy, særleg latex og nylon, og kleda byrja gradvis å bli meir tettsitjande.[4] Dette gjaldt særleg badetøy for kvinner.

På 1960-talet blei elastan (Spandex, Lycra) brukt til badetøy, vanlegvis kombinert med nylon, for å få tøyet til å sitja godt på kroppen. Spandex er likevel ikkje særleg sterkt eller haldbart, særleg i vatn tilsett klor, som i basseng og boblebad.

Polyester er blitt stadig meir vanleg som eit haldbart, lett tekstil til badetøy, sjølv om det ikkje er så strekkbart som elastan.

Nokre verksemd har byrja å fokusere på resirkulert materiale til å laga badetøy. Dei arbeider med selskap som nyttar fiskenett, nylonavfall og plast sanka inn frå kystområde,vassvegar og kystsamfunn til å laga tekstilkomponentar.[5]

Remove ads

Variantar og stilar

Thumb
I motsetnad til blått, grått og kvitt er neonrosa og neonoransje svært synlege fargar under vatn.

I vestleg kultur er kortbukser til underkroppen utbreidde som badetøy for menn, med variantar som boardshorts, jammers, badeshorts og badebukser i ulike uformingar, medan vanleg badetøy for kvinner er badedrakt som dekker torsoen eller todelte bikiniar.

Ei nyleg nyskaping er såkalla burkini, som særleg blir nytta av nokre muslimske kvinner, som dekker heile kroppen og hovudet (men ikkje ansiktet) på ein måte som liknar våtdrakta til ein dykkar. Dette er ein oppdatert versjon av den heoldekkande badedrakta ein nytta i tidlegare hundreår, som følgjer tradisjonelle muslimske krav til tildekking av kroppen. Ein liknande drakt med tildekking av hals, erme og bein med bukser og eit lite skjørt er blitt kalla «sjaria-badedrakt» i Egypt.[6]

Fargen på badetøyet kan påverka tryggleiken til badaren. Blått, kvit eller grått badetøy kan vera nær usynleg når symjaren er under vatn, og kan gjera det vanskelegare for ein livreddar å få auge på ein person som er i fare for å drukna.[7] Dei mest synlege klesfargane under vatn har store, solide blokker av sterke neonfargar, som neonrosa eller neonoransje.[7] Einsfarga neonfargar er meir synlege enn raudt eller fleirfarga badetøy.[7]

Meir informasjon Namn, Bilde ...

Badetøy for kvinner

Meir informasjon Namn, Bilde ...

Badetøy til menn

Meir informasjon Namn, Bilde ...
Remove ads

Dekkingsgrad

Badetøy kan vera tettsitjande eller laust. Dei blir ofte dekket med eit anna lag av tyg dersom det ytre tøyet blir gjennomsiktig når det er våt.

Kleda varierer frå design som nesten dekker heile kroppen til design som viser fram nesten heile kroppen. Val av badetøy blir fyrst og fremst bestemt av aktiviteten ein skal bruka det til, frå små, strame bukser for menn til konkurransestuping og vasspolo til boardshorts for surfing; sjølv om kvinner ironisk nok gjerne bruker badedrakt til konkurransestuping og bikini til konkurransesurfing. Andre faktorar er personlege og samfunnsmessige normer for tildekking og framsyning avhengig av staden og den sosiale situasjonen, kor mykje solvern ein ønskjer og den gjeldende klesmoten. Nesten alle klede til bading dekker intime kroppsdelar, inkludert kjønnsorgan og kjønnshår, medan dei fleste bortsett frå stringklede dekker dert meste eller heile rumpeballen.[13]

Dei fleste typar badetøy i vestleg kultur lar minst hovudet, skuldrene, armane og den nedre delen av beina (under kneet) vera udekka. Badetøy for kvinner dekkjer som regel minst brystvorta og nedre delen av brystet.

Både menn og kvinner kan til tider ha på seg badetøy som dekker meir av kroppen når dei sym i kaldt vatn (sjå òg våtdrakt og tørrdrakt). I kaldare temperaturar er det naudsynleg å nytta visse typar badetøy for å halda på kroppstemperaturen og verna mot hypotermi.

Badetøy til konkurransar

Badetøy til konkurransar er klede og anna utstyr ein kan nytta til idrettar som konkurransesymjing, stuping, synkronsymjing, triatlon og vasspolo.

Nokre badedrakter er spesielt utforma til bruk i symjekonkurransar der dei kan vera laga av stoff med særskilt låg motstand slik at motstanden mot huda i vatnet blir redusert. Til visse typar symjing og stuping kan ein nytta særskilde kroppsdekkande drakter kalla diveskin. Desse draktene er laga av elastan og gjev lite varmeisolasjon, men dei vernar huda mot stikk og slitasje.

I motsetnad til vanlege badedrakter, som hovudsakleg er utforma med estetiske omsyn, er badedrakter som er laga til konkurransar laga for å hjelpa utøvaren. Dei reduserer friksjon og motstand i vatnet, noko som aukar effektiviteten til symjaren si rørsle framover. Den strame passforma tillèt og enkel rørsle, og skal visstnok redusere muskelvibrasjon,[14] noko som igjen reduserer motstand.

Frå rundt 2000 er det gjort forsøk på å gjera badetøy til konkurransesymjing meir effektivt ved å finna inspirasjon i huda til dyr som lever i havet, som haiar.

I juli 2009 tok FINA ei avgjerd om å forby badetøy som ikkje var av tekstil (vovne) i tevlingar frå 2010. Dei nye reglane blei sett i verk for å kjempa mot problem knytte til prestasjonsfremjande badedrakter, som hindra evna til å måla den faktiske prestasjonen til symjarane nøyaktig.[15] Dei slo også fast regelen at badedrakter for menn maksimalt kunne dekka området frå navlen til kneet, og for kvinner frå skuldra til knea.[16][17]

Nokre symjarar brukar ei spesialisert treningsdrakt kalla dragsuit for å auke motstand under trening på kunstig vis. Dragsuits har eit ytre lag av lausare stoff - ofte netting eller nylon - for å auka motstanden i vatnet og byggja opp uthaldet til symjaren. Dei finst i ulike stilar, men dei fleste liknar ei lausare badebukse.

Thumb
Den olympiske gullmedaljevinnaren i symjing Tyler Clary frå USA, i badebukse og Michelle Bremer frå New Zealand i badedrakt, 2012
Remove ads

Badetøy og hygiene

Bakteriar og mugg kan veksa raskt på våte badedrakter. Medisinske fagfolk advarer om at å ha på seg fuktig badetøy i lange periodar kan føra til ei rekkje infeksjonar og utslett hjå born og vaksne.[18][19] Dei åtvarer om å ikkje dele badetøy med andre.[20] Å ikkje vera lenge i vått badetøy kan hjelpa til å førebygga vaginale infeksjonar og kløe.[21][22][23]

I offentlege basseng i Frankrike er det av hygieniske grunner berre tillate å nytta korte badebukser. Menn får ikkje nytta lange, lause skjortsar.[24]

Remove ads

Historie

Thumb
1858 badekjøt for kvinner

I den klassiske antikken var det vanleg å bada og symja bade naken. Det finst romerske veggmåleri av kvinner som spelar sport og trener med drakter i to stykke som dekker områda rundt bryst og hofte på ein måte som liknar dagens bikini. Det finst ingen bevis for at desse blei nytta til symjing. Alle klassiske bilde av symjing viser nakne symjarar.

I ulike kulturelle tradisjonar kan ein bada i ein versjon av eigna materiale av klede eller underklede som vanlegvis blir brukt på land, til dømes eit lendeklede som japansk fundoshi.

I Storbritannia var det fram til midten av 1800-talet ingen lov som forbaud nakenbading, og kvar by kunne laga sine egne lovar. Bath Corporation si offisielle forordning for menn frå 1737 sa til dømes:

It is Ordered Established and Decreed by this Corporation that no Male person above the age of ten years shall at any time hereafter go into any Bath or Baths within this City by day or by night without a Pair of Drawers and a Waistcoat on their bodies.[25]

I elver, innsjøar, elver og i havet bada menn nakne der denne praksisen var vanleg. Dei som ikkje bada nakne bada i undertøyet. Praksisen med å bada naken blei forboden i Storbritannia i 1860. På 1860-tale blei badeshorts, kjende som caleçons, utbreidde. Mange protesterte mot desse og ville halda fram med å bada nakne. Francis Kilvert skildra badetøy til menn som blei brukte på 1870-talet som «eit par svært korte bukser med raude og kvite striper».[26]

Thumb
Teikning av George du Maurier i Punch frå 1877 som viser badetøy for menn og born.

Badetøy for kvinner var avleidde frå klede brukte ved Bath og andre spa. Det verker som at fram til 1670-talet var norma for kvinner å bada nakne i spa, og at etter den tida bada kvinner med klede på. Celia Fiennes gav ei detaljert skildring av standard badetøyet til damer i 1687:

The Ladyes go into the bath with Garments made of a fine yellow canvas, which is stiff and made large with great sleeves like a parson's gown; the water fills it up so that it is borne off that your shape is not seen, it does not cling close as other linning, which Lookes sadly in the poorer sort that go in their own linning. The Gentlemen have drawers and wastcoates of the same sort of canvas, this is the best linning, for the bath water will Change any other yellow.[27]

Dei offisielle reglane for bading frå Bath Corporation i 1737 hadde desse reglane for kvinner:

No Female person shall at any time hereafter go into a Bath or Baths within this City by day or by night without a decent Shift on their bodies.[25]

The Expedition of Humphry Clinker kom ut i 1771, og skildringa av badetøy skil seg frå den til Celia Fiennes hundre år tidlegare:

The ladies wear jackets and petticoats of brown linen, with chip hats, in which they fix their handkerchiefs to wipe the sweat from their faces; but, truly, whether it is owing to the steam that surrounds them, or the heat of the water, or the nature of the dress, or to all these causes together, they look so flushed, and so frightful, that I always turn my eyes another way.[28]

Flannel var eit vanleg stoff til badedrakter, ettersom mange trudde at det varme stoffet var naudsynt i kaldt vatn.[29]

På 1700-talet hadde kvinner «badekjolar» i vatnet; dette var lange kjolar av stoff som ikkje blei gjennomsiktige når dei var våte, med vekter som var sydde inn i kantane slik at dei ikkje skulle flyta opp i vatnet. Badedrakt til menn var ei nokså tettsitjande ulldrakt med lange erme og bein som likna langt undertøy. Det kom ikkje til å endra seg mykje i løpet av dei neste hundre åra.

På 1800-talet var det vanleg for kvinner å ha dobbeltkjørt, som bestod av ein kjole frå skuldra til knea i lag med bukser som gjekk ned til oklene.

I viktoriatida var det vanleg at populære stader for strandbad hadde bademaskiner som var utforma for å unngå at folk i badedrakt blei sett, særleg av folk av det motsette kjønnet.

I USA blei venleikskonkurranser for kvinner i badedrakt populære frå 1880-talet av. Men slike tilstellingar blei ikkje rekna som respektable. Venleikskonkurransane blei meir respektable med den fyrste moderne Miss America-konkurransen som blei halde i 1921. Miss America avslutta badedraktdelen i 2018.[30]

1900-talet

Thumb
Mann og kvinne i baddrekk, om; ho går ut av ein badmaskin

1907 blei det halde protestar mot badetøy i Sydney i Australia etter at det var føreslått ein ordinans som ville kreva at menn skulle ha på seg ein skjørt-aktig tunika. I 1935 blei det føreslått ein liknande ordinans som kravde at menn skulle ha på seg Spooner-badedrakt i staden for 'usømelege' badebukser.

I 1907 drog symjaren Annette Kellerman frå Australia til USA som «undervassballerina», ei form for synkronsymjing som inneber dykking i glastankar. Ho blei arrestert for å ha blotting fordi badedrakta hennar viste armar, bein og nakke. Kellerman endra drakta slik at ho hadde lange erme og bein og ein krage, men heldt på det tettsitjande snittet som viste forma under. Ho tok seinare del i fleire filmar, inkludert ein om livet sitt. Ho selte også badedrakter, og badedraktstilen hennar blei kjend som «Annette Kellerman». Denne stilen blei sett på som den mest offensive typen badedrakt på 1920-talet, og blei utsett for sensur.[31][32]

Trass motstand frå nokre grupper, viste den tettsittande stilen seg å vera populær. Det tok heller ikkje lang tid før badetøyet byrja å krympa. Fyrst blei armane synlege, og så beina til midten av låra. Kragen trekte seg tilbake frå rundt halsen til ei utringing rundt øvste delen av brystet. Utvikling av nye tekstilar opna for nye variantar av meir komfortabelt og praktisk badetøy.[33]

På grunn av den tettsitjande forma til desse plagga, har glamourfotografi sidan 1940- og 1950-talet ofte vist folk som brukar badedrakter. Denne typen glamourfotografi utvikla seg etter kvart til badedraktfotografi, som er eksemplifisert av det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue. Venleikskonkurransar hadde også krav om at deltakarane skulle bruke tettsitjande badedrakter.

Louis Réard, ein fransk bilingeniør og klededesignar, introduserte den moderne to-delte bikinien den 5. juli 1946.[34][35] Han introduserte designet sitt fire dagar etter den fyrste prøvesprenginga av eit kjernefysisk våpen på Bikini-atollen. Avisene var fulle av nyhende om dette, og Reard valde namnet inspirert av håpet om å oppnå det same med sitt design.[36][37]

På 1950-talet rekna ein det som skikkeleg at den nedre delen av bikinien steig opp høgt nok til å dekka navlen. Frå 1960-talet krympa bikinien i alle retningar til han til tider berre dekka litt meir enn brystvortene og kjønnsorgana, sjølv om mindre avslørande modeller som gav meir støtte til brysta blei verande populære.

I 1964 blei monokini, òg kjent som «topplaus bikini» eller «unikini»),[38][39] designa av Rudi Gernreich, som bestod av berre ein kort, tettsitjande underdel og to tynne stropper.[40][41][42][43][44] Designet til Gernreich blir av og til gjeve æra for å ha byrja,[45] eller blitt eit symbol for, den seksuelle revolusjonen.[46]

I 1964 blei Babette mars den første omslagmodellen i Sports Illustrated Swimsuit Issue.[47][48] Ho var på omslaget til eit badekostum i numre 20. januar 1964.[49]

På 1980-talet kom stringbikinnien frå Brasil, som skal ha vore inspirert av tradisjonelle kleder frå innfødde stammar i Amazonas.

Badetøy for menn utvikla seg omtrent parallelt med den til kvinner kjortane i denne perioden, med shorts som dekka gradvis mindre av kroppen. Etter ei tid blei «speedo»-badebukser, som nytta i symjetevlingar, populære. Men på 1990-talet blei lengre og lausare shorts populære, og kunne ofte nå ned til kneet. Desse sat ofte lenger nede på hofta enn vanlege shorts.

Anne Cole (1926–2017),[11] grunnleggjaren av merket Anne Cole, lanserte tankinien, sett saman av ein tanktopp og ei bukse som underdel, 1998.[12]

Miss America slutta å ha ein badedraktdel i tevlinga si i 2018.[30]

Remove ads

Alternativ til badetøy

Sidan 1900-talet har ei naturistrørsle utvikla seg i vestlege land som støtter ikkje-seksuell nakenheit under bading og til andre aktivitetar.[50] Nokre kvinner vel å utføra vass- eller solaktivitetar topplause, som mange menn. Nokre stader rundt om i verda finst det eigne nakenstrender for folk som vil vera nakne på stranda.

I staden for badetøy kan ein nytta vanleg bukse, underbukse eller t-skjorte ved bading, anten fordi ein ikkje har badetøy eller fordi ein føretrekk desse kleda. Bruk av t-skjorte kan òg gje ekstra vern mot sola. Denne praksisen kan vera meir akseptert på strender enn i symjebassengene, som ofte ikkje tillet bruk av vanlege klede til å bada i.[51] Vanlege klede vanlegvis ikkje linning som badetøy og kan bli gjennomsiktige i vatn. Dei kan også oppfattast som ureine.

Remove ads

Badetøy utanfor vatnet

Badetøy kan òg brukast utanfor vatnet, til dømes som mote,[52] til sport[53] eller under soling.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads