Resirkulert
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Resirkulert er eit norsk poprock-band frå Storfjord i Troms, som også har hatt base i Tromsø. Dei gjev ut musikken sin på det tromsøbaserte plateselskapet Mano Music.[1]
Bandet vart oppretta i 2013 og deltok same år på UKM der dei kom vidare til landsfestivalen i Larvik.[2] Også i 2014 kom dei vidare til landsfestivalen.[3] Året etter fekk bandet Ungdommens Kulturpris i Storfjord ved den fyrste utdelinga av prisen.[4]
Same år, i 2015 sleppte dei debut-EP-en Blåmaling og spela på fleire festivalar i laupet av sommaren, mellom anna Riddu Riđđu.[5]
Det fyrste albumet, Du snakke for dæ sjøl, kom i 2017 til god respons frå avisa iTromsø.[6] I 2019 kom oppfylgjaren For en dag, for et liv som også vart teke godt imot lokalt.[7] Same år vann gruppa prisen Årets unge artist under Sámi Music Awards.[8]
Hausten 2022 annonserte bandet at dei skulle gje seg etter ein avskjedsturné i 2023.[9]
Remove ads
Diskografi
Album
- Du snakke for dæ sjøl, 2017
- For en dag, for et liv, 2019
EP-ar
- Blåmaling, 2015
Singlar
- Nederst på lista, 2015
- Før æ går til mitt, 2016
- Undervannsfest, 2016
- En million, 2017
- Filosofen, 2017
- Grav dæ ned igjen, 2017
- Over vannet, 2018
- Áddjá, 2018
- Papirtiger, 2019
- Palass, 2019
- Feil vei, 2019
- For en dag, 2019
- Ut i huttiheita (vis oss vei), 2020
- Vagabond, 2022
- Du så mæ dra, 2023
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads