Badge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Badge» er ein rockesong av Cream, skriven av Eric Clapton og George Harrison i eit samarbeid mellom Clapton, Harrison og Ringo Starr. Han vart gjeven ut på det siste studioalbumet til Cream, Goodbye. Han nådde 60. plass på singellista i USA og vart ein liten hit etter han kom ut på singel i april 1969.[1] Singelen vart ein langt større suksess i Storbritannia der han nådde 18. plass.[2]
Remove ads
Komposisjon
«Badge» hadde opphavleg ingen tittel. Då dei skulle skrive teksten til omslaget var det einaste leselege ordet på det opphavlege notearket «Bridge», som var påført for å vise kvar mellomspelet starta. Handskrifta til Harrison var derimot så dårleg at Eric Clapton tolka det som «Badge», og bandet kalla derfor songen dette.
Harrison fortalde derimot ei heilt anna soge: «Eg hjelpte Eric å skrive 'Badge', veit du. Kvar av dei måtte kome med ein song for Goodbye-albumet og Eric hadde ikkje skrive sin enno. Me arbeidet ovanfor kvarandre og eg skreiv ned teksten og då me kom til mellompartiet skreiv eg 'Bridge'. Eric las det opp ned og lo -- 'Kvar er BADGE?' sa han. Etter det kom Ringo inn full og gav oss linja om svanene som sym i parken.»
Remove ads
Medverkande
- Eric Clapton - sologitar & vokal
- Jack Bruce - bassgitar & korvokal
- Ginger Baker - trommer
- Felix Pappalardi - piano & mellotron
- George Harrison (tilskriven av kontraktsårsaker som "L'Angelo Misterioso") - rytmegitar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads