Baiji
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Baiji (arabisk بيجي; òg skrive Bayji) er ein by på kring 200 000 innbyggjarar i Nord-Irak. Han ligg kring 210 km nord for Bagdad langs hovudvegen til Mosul. Byen er eit stort industrisenter mest kjend for oljeraffineriet som er det største i Irak, og har eit stort kraftverk. Baiji er eit nasjonalt jernbaneknutepunkt i Irak og ligg langs Bagdadbanen mellom Bagdad, Mosul og Kirkuk.
- Denne artikkelen handlar om byen i Irak. For delfinarten, sjå kinesisk elvedelfin.
Remove ads
Under Irak-krigen vart fleire av installasjonane i byen øydelagd.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Baiji» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads