Baleshare

From Wikipedia, the free encyclopedia

Balesharemap
Remove ads

Baleshare (skotsk-gælisk Baile Sear) er ei flat tidvassøy i Ytre Hebridane i Skottland.

Thumb
Den einaste telefonkiosken på Baleshare
Kjappe fakta Baleshare Lokalt namn Am Baile Sear, Geografi ...

Baleshare ligg sørvest for North Uist. Økonomien og samfunnet nøyt godt av ei vegfylling som vart bygd til øya i 1962. Den 350 meter lange vegfyllinga vart bygd av William Tawse Ltd.[1] Øya er særs flat samanlikna med resten av Hebriadne, og er berre 12 meter over havet på det høgaste. Ho er òg kjend for dei lange sandstrendene. I 2001 budde det 49 menneske på øya i dei to busetnadane Samhla og Teananachar.

Namnet på dei to grendene tyder «austgarden» og «austbyen». «Vestbyen» kan ein gong ha eksistert vest på Baleshare, men vestsida av øya vart vaska bort på 1500-talet, og det var då mogeleg å gå over til Monach Islands ved lågvatn.[2] Monachs-øyane ligg 15 km mot vest. Ei anna soge fortel at det ein gong var ei landbru over til Kirkibost, 100 meter mot nord.[3]

Det er funne spor etter to førhistoriske busetnader, med restar av eit sirkelforma steinhus og delar av keramikk, bein og metall. Som med andre stader i området er dei truga av kysterosjon.[4][5]

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads