Balikh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Balikh er ei elv som spring ut i 'Ayn al-'Arus i Syria. Ho renn sørover og munnar ut i Eufrat ved den moderne byen Ar-Raqqah. Etter Khabur-elva, er Balikh den største sideelva til Eufrat i Syria. Ho er ei viktig vasskjelde og store delar av ho er kanalisert.

Kjappe fakta Land, Land i tilsigsområde ...

Hovudkjelda til Balikh er ei kartisk kjelde i 'Ayn al-'Arus, like sør for den syrisk-tyrkiske grensa. I tillegg får Balikh vatn frå periodevis elvar og wadiar frå Harransletta i nord, samt slette vest og aust for elvedalen. DEsse er Jullab, Wadi Qaramogh og Wadi al-Kheder.

Remove ads

Historie

Balikh dannar hjartet i eit område med rik kultur. Ved breiddene er det mange busetnader som er datert attende til steinalderen, på 5000-talet fvt. I antikken var Tuttul (nær dagens ar-Raqqah i Balikhdeltaet) og Tell Chuera i nord (ved Wadi Hamad nær Balikh) viktige byar. I løpet av tusenåra har regionen sett mykje samhandling mellom nomadiske folk og faste busetnader.

I antikken vart regionen kalla Osroene med Edessa/Callirrhoe (ar-Ruha') som hovudstad. Ar-Ruha' og andre viktige byer i antikken i Balikhdalen, som Harran (romersk Carrhae), er omtalt i muslimske og jødiske tradisjonar i sogene om Abraham og andre hebraiske patriarkar. Etter den islamske erobringa på 600-talet, vart regionen kalla opp etter eit arabisk folk, Diyar Mudar, landet til mudarane. I 762 bygde kalif al-Mansur ein garnisonbyen ved samløpet til Eufrat, Ar-Rafiqa, som voks saman med den hellenistiske byen Kallinikos til byen Ar-Raqqah.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads