Filippinarskjeldyr
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Balintong eller filippinarskjeldyr (Manis culionensis) er ein skjeldyrart som berre finst i Palawan-provinsen på Filippinane.
Filippinarskjeldyr held til i urskog og sekundærskog og i blanda grasområde rundt slike område. Arten er nokså vanleg i det avgrensa utbreiingsområdet sitt, men er truga av jakt for kjøtet og dei høgt verdsette skjela sine.[1] Han er rekna som nokså vanleg nord på Palawan og sjeldnare i sør.[2]
Filippinarskjeldyr skil seg frå den nærskylde arten malayskjeldyr (Manis javanica), men har mindre skjel og kortare hovud. Han har fleire skjelrekkjer enn nokon av dei andre skjeldyra frå Asia.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads