Bananas

musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bananas er det 17. studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 25. august 2003 via EMI Records[4] og den 7. oktober 2003 via Sanctuary Records i USA.[5] Det er det første albumet med Don Airey på orgel og klaverinstrument, som erstattar grunnleggjaren Jon Lord.

Meir informasjon Deep Purple-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Oversikt

Albumet vart spelt inn i Los Angeles i januar og februar 2003.[4] Det er òg kjent for å vera det første Deep Purple-albumet med Ian Gillan i front som nyttar seg av annan korvokal enn Gillans eigen (sidan innspelinga av låten «Woman From Tokyo» i Tyskland i 1972, der Jon Lord og Roger Glover song korvokal), med låten «Haunted» med Beth Hart. Albumet inneheld «Contact Lost», eit kort, langsamt instrumentalt rekviem for astronautane på Romferja Columbia, skriven av gitaristen Steve Morse då han høyrde nyheita om Romferja Columbia-katastrofen.[6]

Biletet på albumomslaget vart teke av manageren til bandet Bruce Payne.[7]

Bananas gjorde det bra på hitlistene trass i manglande medieeksponering, spesielt i Europa og Sør-Amerika (særleg i Tyskland og Argentina, der han nådde topp 10).[8]

Remove ads

Upubliserte låtar

Sidan albumet Abandon har Deep Purple framført tre nye låtar på scena. «Long Time Gone» vart debutert sommaren 2000, men vart ikkje teke med på Bananas. Ein annan ny song, «Up The Wall», vart spelt på turneen i Storbritannia i 2002 og omarbeidd til «I Got Your Number». Instrumentallåten «Well Dressed Guitar» heldt fram med å vere upublisert fram til neste album, Rapture of the Deep frå 2005.[9]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse, Don Airey og Ian Paice, utanom der andre er nemnde

Medverkande

Deep Purple
Andre medverkande
Produksjon
  • Michael Bradford - produsent, lydteknikar
  • Chris Wonzer - assisterande lydteknikar
  • Andy Vandette - mastering i Masterdisk, New York
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2003), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads