Rapture of the Deep
musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rapture of the Deep er det 18. studioalbumet til det engelske hardrockbandet Deep Purple, gitt ut i oktober 2005. Det er det fjerde studioalbumet frå Deep Purple sidan Steve Morse slutta seg til bandet i 1994 og det andre med klaverspelaren Don Airey. Albumet vart produsert av Mike Bradford, som òg produserte førre utgivinga til bandet, Bananas.
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Til liks med Bananas fekk albumet generelt positive meldingar frå kritikarar og fans.[3][9] Rapture of the Deep er den første utgivinga til Deep Purple i Europa på det tyske plateselskapet Edel Records, medan plata i USA vart gitt ut på Edels underselskap Eagle Records.
Albumet nådde 43. plassen på Billboard Top Independent Albums.[10] I USA selde albumet 2 500 eksemplar den første veka. I Storbritannia selde albumet 3 500 eksemplar i løpet av den første veka og 1 200 eksemplar veka etter.[11] Det nådde òg topp 20 på fleire europeiske hitlister. Tittelsporet «Rapture of the Deep» vart gitt ut som promosingel i 2005.
I sporet «Money Talks» har vokalisten Ian Gillan det største vokalspekteret som er høyrt på nokon Deep Purple-innspeling, med ein dobbeltspora djup bassvokal i brua og eit høgt skrik i avslutninga av songen.
Remove ads
Innhald
Standardutgåve
Alle songar skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse, Don Airey og Ian Paice, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Deep Purple
- Ian Gillan – vokal
- Steve Morse – gitar
- Don Airey – klaverinstrument
- Roger Glover – bass
- Ian Paice – trommer
- Produksjon
- Produsert og lydteknisk utført av Michael Bradford
- Innspelt i Chunky Style Studios, Los Angeles, CA, 2005
- Mastering av Andy Van Dette i Masterdisk. New York
Salslister
Remove ads
Utmerkingar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads