Banansmett

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Banansmett
Remove ads

Banansmett (Coereba flaveola) er ein liten sporvefugl med ei gjennomsnittleg lengd på 11  cm. Han er monotypisk i slekta Coereba.

Kjappe fakta
Thumb
Banansmettegg

Han har mørk grå overside, ei svart krone på hovudet, iaugefallande, kvite augestriper og gul underside og gump. Kjønna er like. Banansmetten har eit slankt bendt nebb som passar til å ta nektar frå blomar. Nokre gongar borar han seg inn frå sida utan å pollinere planten. Han kan ikkje stille i lufta som kolibriar og må alltid ha fotfeste når han tar maten. Frukt og insekt står òg på etesetelen, ofte vitjar desse fuglane hagar og kan bli mykje tamme. Kallenamnet sukkerfugl kjem av at dei har tilhug til å ete sukkerkorn frå fuglebrett og fat, ein metode for å trekke til seg desse fuglane på kjeint frå Dei amerikanske Jomfruøyane.

Utbreiingsområdet for denne arten er frå tropiske Sør-Amerika i sør og nord til det sørlege Mexico og Karibia. Han er ein sjeldan gjest i Florida, USA.

Grenada og Saint Vincent har dei fleste banansmettar mørk fjørdrakt som skil dei frå andre populasjonar i Vestindia.

Banansmetten byggjer kuleforma reir med sideinngang, hoa legg opp til tre egg i kullet.

Remove ads

Klassifisering

Banansmetten vart første gong skildra av Linné i hans Systema naturae i 1758 med namnet Certhia flaveola.[1]

I 1809 omklassifiserte Louis Jean Pierre Vieillot arten som den einaste medlemmen i slekta Coereba.[2] Familien Coerebidæ samla tidlegare fleire artar av fuglar som et nektar i tropisk Amerika, men dei andre artane er sidan flytta ut frå familien. Ornitologar klassifiserte arten som incertae sedis (usikker klassifisering) i 2008.[3]

Banansmetten er trudd å vere ein del av ei gruppe som inkluderer darwinfinkar, Tiaris, Loxigilla, med fleire, dei fleste tidlegare plassert i busksporvfamilien Emberizidae, men er no kjente for å vere ein del av tanagarfamilien Thraupidae.[4] Slik sett vil nokre autoritetar plassere arten førebels i Thraupidae fram til ein studie antyder meir nøyaktig plassering. Dette er òg reflektert i Clementslista frå 2012.[5]

Det var skildra 41 underartar av banansmett per 2012.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads