Banff
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Banff er ein by i provinsen Alberta i Canada. Banff er omkransa av fjell og er den høgastliggande byen i Canada. Banff ligg 126 kilometer vest for Calgary og 58 kilometer austom Lake Louise på den transkanadiske motorvegen.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Banff i Skottland.

Banff er eit av Canadas mest populære turistmål kjent for det omliggande fjellandskapet og dei varme kjeldene sine. To store skianlegg ligg i nærleiken av byen.
Remove ads
Historie
Dei første innbyggarane kom til Banff i 1880-åra, etter at jarnbana frå Atlanterhavet til Stillehavet vart lagt gjennom Bow Valley. I 1883 oppdaga tre jarnbanearbeidarar fleire varme kjelder i fjellsida til Sulphur Mountain. To år seinare vart eit 26 km² stort reservat oppretta rundt dei varme kjeldene og området vart promotert som eit internasjonalt ferie- og spa-anlegg for å auka kundegrunnlaget for den nye jarnbanelinja.[1] I 1887 vart området utvida til 673 km² og kalla «Rocky Mountain Park». Dette vert rekna som ein av Canadas første nasjonalparkar.
Området fekk namnet Banff i 1884 etter Banffshire i Skottland, som var heimstaden til George Stephen, ein tidlegare direktør i Canadian Pacific Railway.[2]
Banff sentrum utvikla seg rundt jernbanestasjonen som eit turistkontor for dei tilreisande til nasjonalparken. I 1985 kom Banff nasjonalpark inn på UNESCO si liste over verdsarv som ein av nasjonalparkane i Rocky Mountains.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads