Bardonecchia
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bardonecchia er ein kommune i storbyområdet Torino i Italia, og er den aller vestlegaste kommunen i heile landet. Kommunen har ei flatevidd på 132,3 km² og i kring 3 100 ibuarar.
Landsbyen Bardonecchia ligg 1312 meter over havet i Susadalen, om lag 90 kilometer vest om storbyen Torino. Kommunen er omgjeven av over 3 000 meter høge fjelltoppar, som mot vest, nord og sør dannar grense mot Frankrike. Kjeldene til elva Dora di Bardonecchia er vest i kommunen.
Landsbyen voks fram då jarnbanetunnelen Frejus vart bygt i åra 1857-71. Turismen og tollstasjonen gjev størst sysselsetjing for ibuarane i kommunen.
Snøbrett-tevlingane under Vinter-OL 2006 fann stad i Bardonecchia.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bardonecchia» frå Wikipedia på tysk, den 1. desember 2019.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads