Basildon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Basildonmap
Remove ads

Basildon er ein ny by i Essex i England. Han ligg omkring 43 km nordaust for London, og er administrasjonssenter for distriktet Basildon.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Byen vart oppretta i 1949 for å ta av for folkeveksten i London ved å lokke londonarar til meir landlege omgivnader. Tre mindre byar, Pitsea, Laindon og Vange, vart slått saman for å danne ein kjerne i den nye byen.

Staden er kjent frå langt eldre tid; i Domesday Book (1086) er det nemnt som Behoter. Dette viser antakeleg til Beorthals Hill, eit område ved vegen Holy Cross Church Road i dagens Basildon. Den moderne namneforma kjem truleg frå det angelsaksiske namnet Beorthealh og duner, «Beorthealhs ås». Namnet har så gjennom tida vorte forvanska som Berdlesdon, Bretlesden, Batlesdon, Bastelden, Basseldon og Bassendon.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads