Basilika

From Wikipedia, the free encyclopedia

Basilika
Remove ads

Basilika er kyrkjebygg av halltypen, førebiletet til alle kristne kyrkjebygg. Ordet stammar frå gresk basilike [oikia], ‘kongeleg [hus]'.[1]

Thumb
Tverrsnitt av ein basilika der taket i midtskipet er heva over sideskipa.
Thumb
Ruinen av Maxentiusbasilikaen frå 300-talet (i Roma)
Thumb
Basilika San Piero a Grado i Pisa
Thumb
Interiør frå Santa Sabina i Roma

Historikk

Den fyrste kristne basilikaen vart bygt på 300-talet i Roma. Tre av dei fire patriarkalkyrkjene i Roma; Peterskyrkja, Laterankyrkja (den eldste, bygt 314-318)[2]) og San Paolo fuori le Mura høyrde til kristendomens fyrste basilikaer, samtlege innvigde på 320-talet.

Arkitektur

Det arkitektoniske førebilete for basilikaen var det romerske forvaltningsbygget, med si oppdeling i midtskip med klerestorium og med sideskip skilt frå midtskipet av kolonnader. Heilt inn på 1800-talet var det idelet for det kristne rommet.

Det langsmale rommet i ein basilika vert avrunda med eit halvsirkelforma utbygg, absid, som har koret som motsvar i gotikken. På ein ekte basilika reiser midtskipet seg over sideskipa slik at vindaugsopningar vert i romma mellom midtskip og sideskip.

Remove ads

Basilika i kanonisk meining

Basilika er også ein kyrkjerettsleg term. Han vert nytta om kyrkjebygg som av historiske eller andre grunnar har ein særskild status i den katolske verda.[3] Desse kyrkjene er vanlegvis unnatekne frå den ordinære kyrkjelege jurisdiksjonen.

Særlege viktige er dei fire hovudbasilikaene (basilicae maiores) i Roma: Laterankyrkja, Peterskyrkja, San Paolo fuori le Mura og Santa Maria Maggiore. Andre kjende basilikaer i kanonisk meining er til dømes Basilica di San Francesco d'Assisi i Assisi og basilikaen Sacré-Cœur i Paris.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads