Basisfraktur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Basisfraktur
Remove ads

Basisfraktur eller basisbrot er eit knokkelbrot i golvet (basen) av hovudskallen, og inneberer oftast tinningbeinet, bakhovudbeinet, kilebeinet og/eller silbeinet.[1]

Thumb
Computertomografi som visar eit subtilt knokkelbrot i tinningbeinet hjå ein person med alvorleg hovudskade

Basisfraktur er uvanleg, og oppstår i ca. 4% av alvorlege hovudskader.[2][3]

Brotet kan føre til flengjing i hinnene rundt hjernen og resulterande lekkasje av cerebrospinalvæske (CSV). Lekkasjen kan samle seg i mellomøyret og dryppe ut av den perforerte trommehinna (otorré), eller renne inn i nasesvelget (nasofarynx) via øyretrompeten, og skape saltsmak i munnen. Cerebrospinalvæske kan dryppe frå nasa (rhinoré) ved brot i fremre skallebasis, og utvise haloteikn. Alle desse teikna er karakteristiske for basisfraktur.[4]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads