Baskisk grammatikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Baskisk grammatikk, eller grammatikken til baskisk, er mest kjend for å vere eit ergativt språk, noko som elles er ukjent i Vest-Europa.

Fonologi

Konsonantar

I tabellen nedanfor er dei baskiske konsonantane representerte med dei tilsvarande konsonantane i skriftspråket, baskisk har eit så godt skriftspråk at det er mogleg. Unntaka er forklarte nedanfor.

Meir informasjon Konsonantsystemet i baskisk, bilabialar ...


Dei baskiske frikativane er ustemte viss omgjevnadene ikkje får dei til å bli stemte, i intervokal posisjon.

Vokalar


Remove ads

Morfologi

Ergativspråk

Baskisk er eit ergativspråk, dvs at det er eit spesielt kasus, ergativ, for subjektet av transitive verb, medan subjektet for intransitive verb kjem i absolutiv. Absolutiv fungerer samstundes som direkte objekt (akkusativ) for transitive verb. Ergativ vert markert i baskisk med suffikset /-(e)k/, medan absolutiv blir verande umarkert, då det er standardforma av substantiv.

  • Jon dator > Jon kjem (intransitiv, Jon i absolutiv)
  • Jonek ardoa dakar > Jon tek med vin (ardo) (transitiv, Jon i ergativ, ardo i absolutiv)
  • Oinak zerbitzatzen du eskua > Foten (oina) den serverte handa (eskua),
  • eta eskuak oina > og handa foten.

Substantivbøyning

Transnumeral, eintal og fleirtal

Substantiva består av ei numerusfri grunnform (transnumeral), ei eintalsform og ei fleirtalsform. I absolutiv (sjå ovanfor) er formene slik:

Meir informasjon Numeri, Form ...

Den numerusfrie grunnforma (transnumeral) vert òg kalla ubestemt form. Det dreier seg likevel ikkje om ei ubestemt form som i norsk (ein katt), men heller ei abstrakt tallaus form. Nemninga avgjort form for dei andre formene er heller ikkje heilt korrekt, men veldig vanleg. Nokre lingvistar brukar difor omgrepet individualisert form. Setninga Garfield katua då («Pusur er ein katt») viser tydeleg at det ikkje dreier seg om ei bestemd form.

Kasusbøying

I baskisk vertkasus danna ved substantivendingar, som likevel ikkje må følgje direkte etter substantivet, men etter siste element i ei substantivgruppe. Bøyingsendingane er i «rein» form ved bøying i transnumeral. I eintal vert danna kasusa ved å leggje til markøren /-a(-)/, medan ein i fleirtal omgår endelsesinnledende /-r-/. Man har ikkje grammatisk kjønn i baskisk. Følgjande tabell gjev eit oversyn over regelmessig bøying i baskisk.

Meir informasjon Kasus, Transnumeral ...

Bøyinga av substantiv som sluttar på konsonantlyd skil seg ikkje veldig frå standardbøyinga; endingsinnleiande /-r-/ forsvinn i transnumeralformene, og /-e-/ vert tillagd føre einskilde endingar.

Personlege pronomen

Bøyinga av personlege pronomen følgjer følgjande skjema:

Meir informasjon Kasus, ho/han ...

Nominalfraser

Kasusendingane i nominalfrasar vert berre lagt til siste element i gruppa. Dei andre elementa vert ikkje bøygd. Attributive adjektiv står saman med tilhøyrande substantiv. Bat («ein») fungerer som ubestemt artikkel, og står i slutten av nominalfrasen.

Meir informasjon Norsk ...


Verbalbøying

Substantivbøyinga i baskisk er ganske klår, trass i dei mange kasusa; verbalbøyinga er likevel berykta for sine mange ulike og kompliserte former. Grammatikarar på 1700-talet fann ikkje mindre enn 30 952 ulike former av eitt enkelt verb. Dette er fordi finitte verb i baskisk ikkje berre inneheld referansar til kven som utfører handlinga (som er vanleg i indoeuropeiske språk, som til dømes tysk: ich liebe, du liebst, er liebt og så vidare), men òg til direkte og indirekte objekt for handlinga, og av og til han som svarer.

Her ein nokon former av verbet ukan «å ha» i presens (3sg = 3. person eintal, og så vidare).

Meir informasjon Omsetjing, Subjekt ...

Ein gjenkjenner umiddelbart kva for former denne markeringa av verbalformene høyrer til. Ein oversiktleg representasjon av paradigmet måtte ha vore tredimensjonal.

Enkel bøying

Baskisk skil mellom ein såkalla enkel (eller syntetisk) bøying, med former som kjem direkte frå verbet (som i den norske presenssetninga «han elskar»), og ein samansett (analytisk) bøying med hjelpeverb (til dømes den norske perfektumsetninga «han har elska»).

Den enkle bøyinga gjeld berre for nokre få, vanlege verb. Verb som brukar denne bøyinga er izan «vere», ukan «ha», egon «vere», etorri «kome», joan «gå (målretta)», ibili «gå omkring», eduki «ha, halde», jakin «vita» og esan «si». I skriftleg baskisk er det òg nokre andre verb som bøye si enkelt, som ekarri «bringe», erabili «bruke», eraman «bere», etzan «liggje» og iraun «vare». Delen enkle verb var større tidlegare, og tekstar frå det 16. århundret inneheld rundt 50 slike verb. I dag vert dei brukte i opphøgt språk. Alle andre verb vert bøygde ved hjelp av hjelpeverb. Enkel bøying inneheld i dag berre to tider presens og preteritum, og dessutan ei imperativsform.

Døme: Presens av verbet ekarri «bringe», med nokre ulike variantar av subjekt, direkte og indirekte objekt (3sg = 3. person eintal, og så vidare):

Meir informasjon Omsetjing, Subjekt ...

Ein fullstendig tabell over presens av det mykje brukte hjelpeverbet ukan «ha» med fast direkte objekt i tredje person, «det», og variable dativ-objekt vert slik:

Meir informasjon Subjekt, Person i indirekte objekt ...

Til dømes tyder diguzue «dei har det for oss» (subjekt 2pl, indirekte objekt 1pl, direkte objekt 3sg «det»). Dei korrekte formene for eit direkte objekt i 3. person fleirtal vert danna ved å setje inn /-zki-/ etter den første stavinga /di-/, til dømes dizkiot «eg har dei for det», medan diot er «eg har det for han».

Refleksive former (til dømes «eg har meg») finst ikkje i dette skjemaet, og må formast ved omskrivingar.

Samansett bøying

Alle ikkje-enkle verb vert bøygde ved hjelp av samansett bøying, og vert forma ved ei av stammeformene til verbet saman med ei form av eitt av hjelpeverba izan, ukan, edin eller ezan. Dei ulike stammeformene er stammen av verbet sjølv, perfektum partisipp, futurum partisipp og gerundium (eigenleg eit verbalsubstantiv i inessiv). Ukan og ezan vert brukt med transitive verb, izan og edin med intransitive. Vidare detaljar finst her; sjå litteraturliste.

Remove ads

Talord

Baskisk brukar eit tjuetalssystem. Til dømes er 40 = 2 x 20, 60 = 3 x 20, 80 = 4 x 20 og 90= 4 x 20 + 10. Ein finn restar av dette systemet i fransk og bretonsk. Dansk brukar òg tradisjonelt eit tjuetalssystem.

Bi og sei kjem tydeleg frå indoeuropeiske språk, medan dei andre elementa er unike for baskisk.

1 bat   11 hamaika   10 hamar
2 bi 12 hamabi 20 hogei
3 hiru 13 hamahiru 30 hogeita hamar
4 lau 14 hamalau 40 berrogei
5 bost 15 hamabost 50 berrogeita hamar
6 sei 16 hamasei 60 hirurogei
7 zazpi 17 hamazazpi 70 hirurogeita hamar
8 zortzi 18 hemezortzi 80 laurogei
9 bederatzi 19 hemeretzi 90 laurogeita hamar
10 hamar 20 hogei 100 ehun

Ordforråd, lånord

Baskisk har halde på sjølvstendet sitt ikkje berre i bøyingsverket, men òg i ordforrådet, trass i over 2 500 år med press frå andre språk på fleire sider. Ikkje desto mindre har det teke opp mange lånord i løpet av historia, spesielt frå latin og romanske språk. Nokre døme er:

  • errege < latin rex, regi sin «konge»
  • lege < latin lex, legis «løyve»
  • eliza < latin ecclesia «kyrkje»
  • liburu < latin liber, vulgærlatin librum «bok»
  • dorre < spansk torre «tårn»
  • bakte < latin pax, pracis «fred»
  • gaztelu < latin castellum «slott»
  • katu < latin cattus «katt»

Nokre andre lånord stammar frå keltiske språk, som til dømes:

  • adar < keltisk adarc «horn»
  • hartz < keltisk art «bær»

Trass i at baskisk inneheld mange høve for avleiing av ord til nye namn på ting, kjem det stadig ord inn frå engelsk og romanske språk. Det har vore veldig få ord som har gått frå baskisk og til omkringliggande romanske språk, men mange stad- og familienamn i Spania og Latin-Amerika har baskiske røter (til dømes Bolívar, Echeverría og Guevara). Moglege baskiske lånord i romanske språk er:

  • spansk izquierdo (venstre) frå baskisk ezkerra
  • fransk bizarre (bisarr) frå baskisk bizar (bart)
Remove ads

Litteratur

  • Agirre Berezibar, J.M. (1991). Euskal gramatika deskriptiboa. Bilbao: Labayru Ikastegia.
  • Allières, Jacques (1979). Manuel pratique de basque. Paris: Picard.
  • Altube, S. (1929/1975). Erderismos. Bilbao.
  • Goenaga, Patxi (1980). Gramatika bideetan (second edition). Donostia: Erein.
  • Hualde, José Ignacio & Ortiz de Urbina, Jon, eds. (2003). A grammar of Basque. Berlin: Mouton de Gruyter, 2003. ISBN 3-11-017683-1.
  • King, Alan R. (1994). The Basque language: A practical introduction. University of Nevada Press. ISBN 0-87417-155-5.
  • King, Alan R. & Olaizola Elordi, Begotxu (1996). Colloquial Basque: A complete language course. London and New York: Routledge. ISBN 0-415-12109-4.
  • Lafitte, Pierre (1944/1979). Grammaire basque: navarro-labourdin littéraire. Donostia: Elkar.
  • Saltarelli, M. (1988). Basque. London: Croom Helm.
  • Trask, R, Larry (1996). The history of Basque. London and New York: Routledge. ISBN 0-415-13116-2.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads