Bastien und Bastienne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bastien und Bastienne (Bastien og Bastienne), K. 50 (revidert i 1964 til K. 46b) er eit syngespel i éi akt, ein komisk opera, av Wolfgang Amadeus Mozart.
Bastien und Bastienne var ein av dei tidlegaste operaene til Mozart, skriven i 1768 då han var berre 12 år gammal. Operaen var visstnok bestilt av lækjaren Franz Mesmer i Wien som ein satire av den hyrdelege sjangeren som då var dominerande, og særskild som ein parodi av operaen Le devin du village av Jean-Jacques Rousseau. Den tyske libretto er av Friedrich Wilhelm Weiskern, Johann Heinrich Müller og Johann Andreas Schachtner, basert på Les Amours de Bastien et Bastienne av Justine Favart og Harny de Guerville. Etter den påståtte premieren i hageteateret til Mesmer, vart han først framført att i 1890. Det er ikkje klart om stykket vart framført i levetida til Mozart. Den første kjende framføringa var den 2. oktober 1890 i Architektenhaus i Berlin.[1]
Overturen til Mozart nyttar den same opninga som Beethoven sin Symfoni nr. 3, Eroica. Det er tvilsamt at Beethoven kjende til det upubliserte stykket. Det er meir truleg at begge to nytta ei ukjend kjelde som inspirasjon.
Remove ads
Roller
Ariar
|
|
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads