Baul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Baul eller baūl er ein vandrande songar eller skald i Bengal.[1] Baular framfører folkelege songar med religiøst innhald, og akkompagnerer seg sjølv med enkle instrument. Musikksjangeren baul har utikla seg etter påverknad frå både sufismen, tantrismen og vishnuismen; men er ikkje knytt til ein særskild ortodoks retning.[1]

Baular har som regel ikkje interesse for den ytre forma av religionen. Ein dyrkar ikkje Gud i form av bilde eller skrift, men reknar med at Gud bur i hjarta til menneska. Ifølgje bodskapen til baulane når ein ikkje Gud gjennom å vitja tempel eller andre heilage stader, men kan i staden nå Gud gjennom personleg kjærleik og via hengjevnad i form av blant anna song, meditasjon og andingsøvingar.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads